Gunnar Hauk Gjengset () er ein norsk filolog og forfattar.
Gjengset vart i januar 1970 arrestert i Sovjetunionen for å demonstrera mot Bresjnev-regimet. Gjengset hadde reist til Leningrad for å dela ut løpesetlar for å frigi forfattaren Yoli Galanskov og krigshelten Pjotr Grigorenko, begge kjende dissidentar. I rettssaka som følgde vart Gjengset dømd til eitt år i straffeleir, men vart lauslaten etter internasjonalt press etter vel ein månads internering i kriminalasyl. Han skreiv seinare boka Under jernteppet om dette.
Gjengset har doktorgrad i litteraturvitskap frå Umeå universitet om den samiske forfattaren Matti Aikio (Matti Aikio - verk og virke, Umeå 2011).Oppslag i DiVA ved Umeå universitet. Gjengset har skrive fleire bøker, mellom anna ein biografi om Gustav Vigeland. Han er òg aforistikar, og har ei dagleg spalte Dagens sukk i Klassekampen, under pseudonymet Hauk., Spalta gjekk i Adresseavisen i meir enn 20 år.
I boka Avoid the Void (2013), utgitt på det New York-baserte vanityforlaget Morgan James Publishers, drøftar han alkoholisme.Bokomtale: Avoid the void ; rus.no, 13.9.2013
Saman med Harald Gaski har han skrive Johan Turi, eit skodespel om forfattaren Johan Turi. Dette stykket hadde urpremiere på Det Norske Teatret i Oslo 6. september 2017, produsert og framført av Beaivvás samisk nasjonalteater.Johan Turi ; manusbank.no Stykket vart òg framført under bokmessa i Frankfurt i 2019.Johan Turi drar til Frankfurt; beaivvas.no I 2020 gav Gjengset ut ei ny aforismesamling, Nye sukk med illustrasjonar av Håkon Bleken, på sitt eige Hauk Forlag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gunnar Gjengset» frå , den 19. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Personar innafor samisk litteraturforsking