Chacaosundet eller Chacaokanalen (spansk Canal de Chacao) i Los Lagos-regionen i Chile, skil Chiloé-øya frå fastlandet.
Sundet gjev ei opning med skipslei frå Ancudfjorden ut mot Stillehavet. På det smalaste er sundet ca. 2300 meter breitt. Leia har ei minste djupne på 12 famnar (22 meter) og straumtilhøva er rekna som farlege.
Sundet vart skapt under dei kvartære istidene med etterfølgjande isbrear som rann ned frå Andesfjella til kysten.
Ei bru over sundet er under bygging og er planlagt tatt i bruk tidleg i 2026. Per november 2022 er nær ein tredel av byggearbeidet fullført. Brua vil ha fire køyrefelt, ho vil bli den lengste hengebrua i Latin-Amerika og skal haldeast oppe av tre betongtårn, kvart ca. 200 meter høgt. Eit konsortium på tre selskap, medrekna det norske Aas-Jakobsen, fekk kontrakten på prosjektet i 2014.
Ei kraftleidning i luftspenn med ei spennlengd på 2680 meter som kryssar Chacaosundet blei tatt i bruk i 1993. Tårna i kvar ende av dette spennet er 179 meter høge.
Kjelder
Denne artikkelen er basert på «Chacao Channel» frå , den 5. mars 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sund i Chile Kategori:Geografi i Los Lagos-regionen