Anneli Ott () er ein estisk politikar som representerer Det estiske senterpartiet.

Ott har vore kommunepolitikar i heimbyen Võru, der ho har vore både borgarmeister/ordførar og byrådsleiar, fyrst som sosialdemokrat. Ho melde seg inn i Det estiske senterpartiet i 2011.

I 2015 vart Ott vald inn i den estiske riksdagen. I november 2020 vart ho minister for offentleg forvalting ved ein rokade i den andre regjeringa til Jüri Ratas. Regjeringa gjekk av i januar 2021. Deretter vart Ott utnemnd til kulturminister i regjeringa til Kaja Kallas. Ott vart kritisert for ikkje å ha vaksinert seg mot koronaviruset, noko som gjekk ut over hennar embetsførsel som kulturminister. Ott meinte at smittevernsstrategien til regjeringa under koronapandemien var unødig inngripande og gjekk av som kulturminister i november 2021, etter å ha teke sin fyrste vaksinedose.

Ott er utdanna grunnskulelærar med idrettsfag som hovudfag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anneli Ott» frå , den 6. mars 2023.

Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske kulturministrar Kategori:Estiske lærarar Kategori:Folk frå Tartu