miniatyr|Sunniva Rose forsvarar doktorgradavhandlinga «Aspects of the Thorium Fuel Cycle». Sunniva Rose ()http://www.naturfagsenteret.no/binfil/download2.php?tid=2076636 er ein norsk fysikar og bloggar. Ho har forska på kjernekraft med særleg vekt på thorium.

Akademisk karriere Rose har doktorgrad i kjerne- og energifysikk ved Universitetet i Oslo, der ho forska på bruk av thorium i kjernekraftverk. Ho disputerte for doktorgraden i mars 2017. Doktorgradsoppgåva heitte Aspects of the Thorium Fuel Cycle. Ho tok mastergrad i fysikk i 2009 på ei oppgåve om aktinoidavfall frå trykkvassreaktorar.Sunniva Rose Minimization of actinide waste by multirecycling of thoriated fuels in an EPR Masteroppgave i fysikk - Universitetet i Oslo, 2009 Rose har forska på korleis ein kan redusere mengda radioaktivt avfall med 90 prosent ved å blande thorium med høgopprika uran.Teknisk ukeblad Denne rosabloggeren er ikke helt som andre 22.04.2013

Frå 2013 sat Rose i Ludvigsenutvalet, som i 2015 gav ei utreiing til Kunnskapsdepartementet titulert NOU 2015:8 «Fremtiden skole -Fornyelse av fag og kompetanser.»

Formidling Rose er kjend for sin rosablogg, der ho skriv om kjernefysikk, forskingsformidling, klede mote, interiør og oppveksten til dottera. I media har ho argumentert for høgare realfagleg ålmenndanningaftenposten.no Skremmende at det er «greit» å skryte av hvor lite realfag man kan 06.04.2013 og for at mediedekking av risiko forårsaka av radioaktiv stråling ofte er sterkt misvisande.aftenposten.no Dødsatomer selger best 12.03.2013 Rose er også jamleg deltakar i forskarpanelet i programposten «Abels tårn» i radioprogrammet Ekko på NRK P2. I tillegg var ho i 2015 deltakar i NRK-programmet Big Bang. Rose stilte som prorektorkandidaten til Torkil Vederhus i rektorvalet på Universitetet i Oslo våren 2013.Rektorvalg 2013

Rose starta bloggen sin i september 2011, like etter Fukushima-ulukka. Der har ho skrive om interessene sine, frå sko og sminke til kjernefysikk.

I 2015 vart det gjeve ut ein dokumentar, med Rose i hovudrolla, om kjernefysikk. På VGTV si skildring av den norske versjonen av dokumentaren vart han skildra som assosiativ reise. Dokumentaren kom også ut på engelsk. Han vart produsert av Bulldozer film.

Rose har halde føredrag om forsking i mange samanhengar, blant anna for TEDxOslo i 2013.

I 2020 gav Rose ut boka Vi er stjernestøv - kjernefysikk for folk flest.

Bibliografi Vi er stjernestøv - kjernefysikk for folk flest Egmont 2020 ISBN 9788242969118

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sunniva Rose» frå , den 7. mars 2023.

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske bloggarar