Pinselilje (Narcissus poëticus) er ei plante i påskeliljeslekta i påskeliljefamilien. Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen sikkert forvilla i 1875, men kan ha spreidd seg mykje tidlegare. Pinselilje er ganske vanleg på Austlandet og langs kysten til Rogaland, derfrå meir spreidd til Sør-Trøndelag. Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore i bruk før 1700, og han var derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Påskeliljeslekta