Emma Christine Matthiasen () var ein norsk-dansk bilethoggar.
Matthiasen levde mykje i Danmark, og var difor påverka av si tids danske samtidskunst. Den danske påverknaden vart framheva i samtidig omtale av det kunstnariske virket hennar:«Det som utmerker Emma Matthiasens kunst er nettopp sansen for den strenge og klare form, som i forbindelse med en overmåte følsom og meget vakker overflatebehandling gir ganske delikate stoffvirkninger og en livfull karakteristikk.»
Familie Matthiasen var dotter av avdelingssjef Wictor Wiggo Matthiasen (1843–1915) og Caspara Louise Christophersen (1855–1932). Ho var gift med den danske pianisten Uno Browall.
Kunstnarisk verksemd Matthiasen var utdanna i ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Kunstakademiet i Kristiania. Deretter studerte ho vidare i København under Einar Utzon Frank frå 1919 til 1927. Utzon-Frank hadde i denne perioden to andre norske elevar, høvesvis Anne Grimdalen og Asbjørg Borgfelt.
Matthiasen debuterte som kunstnar i 1920 på Charlottenborg Forårsudstilling i København. I 1921 debuterte ho på den norske Haustutstillinga. I 1922 laga ho ei portrettbyste av forfattaren Gunnar Larsen som vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo. I 1927 vart guteportrettet Hans Jacob støypt i bronse; bysta vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet same år. To år seinare laga ho eit bronseportrett av Else Lorentzen som Nasjonalgalleriet kjøpte inn for midlar frå Benneches legat. I verket Norsk kunsthistorie (Gyldendal, 1983) vert portrettet av Else Lorentzen framheva:„«Else Lorentzen» (1929) er med sin utsøkte materialbehandling og detaljering et klassisk, for ikke å si klassistisk, toppstykke innenfor norsk portrettkunst.“I krigsåra 1940–45 oppheldt Matthiasen seg på nytt i Danmark. Ho hadde også kortare studiereiser til Italia og Hellas 1924, 1925 og 1926. I 1950 besøkte ho Paris. Ho var periodevis busett i Danmark fram til ho døydde i 1975.
Matthiasen vart ein anerkjend kunstnar som fekk ei rekkje offentlege og private utsmykkingsoppdrag. Ho modellerte ein bronsemedalje som markerte 80-årsdagen til geologen Waldemar Christopher Brøgger i 1931. Ho var ein av kunstnarane som vart utvald til utsmykkingsoppdrag i det nye rådhuset i ein konkurranse som vart gjennomført i 1937–1938. I 1945 vart bysta til Matthiasen av arkitekt Arnstein Arneberg avduka i Oslo rådhus. Seinare fekk ho i oppdrag å utforme 17 små relieff i bronse til himlingen på den søre balkongen på Rådhuset. Desse relieffa var på plass i 1950, og førestiller havfruer, havmenn, fugl og fiskar. Då myntforskaren Hans Holst fylte 60 år i 1951 vart det laga ein medalje i bronse med portrett modellert av Matthiasen, og gravert og prega av Øivind Hansen. Både medaljen som markerte jubileet til Holst og ein medalje med portrett av professor Gunnar Rudberg frå 1930 vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo i 1951.
Bysta til Matthiasen av Elias Kræmmer (Anthon B.Nilsen) vart avduka i Svelvik i 1955 i samband med hundreårsjubileet for hans fødsel.
I 1955 vart portrettet til Matthiasen av politikaren Aldor Ingebrigtsen (1888-1952) avduka i Televerket sitt bygg i Tromsø. To år seinare vart monumentet hennar over Ingebrigtsen reist på gravstaden hans på Tromsø gravlund; dette arbeidet var eit bestillingsverk for Nord-Troms Arbeidarparti. I 1960 vart minnesmerket hennar over ordførar Alfred Hansen avduka i Bruparken i Tromsdalen.
I 1961 vart skulpturen hennar Havfruen plassert på Slattum i Nittedal. I 1963 kjøpte Molde kommune inn skulpturen Mor med liten gutt, som vart plassert i Alexandria-parken. Jenteportrettet Duck vart modellert i 1942, men fyrst støypt i bronse i 1967, etter at Nasjonalgalleriet hadde kjøpt det frå kunstnaren i 1966.
Bruvik kyrkje har eit portalrelieff utforma av Matthiasen. Ho har utført fleire utsmykkingsarbeid i og ved norske kyrkjer; et granittrelieff som førestiller erkeengelen Mikael flankert av apostelen Johannes og profeten Moses finnast i Glemmen nye kyrkje i Fredrikstad. I 1966 vart monumentet hennar over Leiv Tveit, som var grunnleggjar av og styrar for Bakkebø institusjon for psykisk utviklingshemma barn og unge, avduka ved Bakkebø kyrkje i Egersund. Ei granittgruppe utført av Matthiasen finnast på Bragernes kyrkjegard i Drammen. Ho har også portrettert skodespelaren Tore Segelcke.
Matthiasen vart sjølv portrettert av bilethoggaren Hanna Jessen.
Leiketøy og livbergingsdokke På 1950- og 1960-talet vart Matthiasen engasjert av Åsmund S. Lærdal til å modellere leikedokker for firmaet hans i Stavanger. Lærdal var kvalitetsbevisst og knytta til seg fleire andre framståande kunstnarar til å utforme ulike produkt for verksemda si, som starta som eit forlag, deretter vart leiketøysprodusent for så å ende opp som utviklar og produsent av livbergingsutstyr. Då livbergingsdokka, som seinare fekk namnet Resusci Anne, skulle få sitt visuelle uttrykk, vedtok Lærdal å basere andletet til dokka på ei kjend dødsmaske av ei jente som drukna seg i Seinen i Paris på 1800-talet. Han engasjerte då Matthiasen til å modellere dokkeandletet med dødsmaska som utgangspunkt.
Prisar og utmerkingar 1917: Enkedronning Josephines legat 1924-1925: Houens legat 1927: Henrichsens legat 1928: Mohrs legat 1937: Benneches legat 1950: Røwdes legat 1952: Statens reisestipend 1952: stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid 1955: stipend frå Statens kunstfond 1957: Statens reisestipend 1964: Oslo bys kulturstipend 1974 – : Statens stipend for eldre fortjente kunstnere
Verv Emma Matthiasen vart ei rekkje gongar på 1930-, 1940- og 1950-talt vald inn til Tilsynsrådet for Kunstnernes Hus i Oslo, som representant for bilethoggarane. I 1950 var ho medlem av kunstnarjuryen som valde ut arbeid til «Den offisielle finske utstilling» i Oslo. Medlemmane av juryen og andre norske bilethoggarar var også representert på denne utstillinga, og Matthiasen deltok med fem skulpturar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emma Matthiasen» frå , den 14. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Om Emma Matthiasen i Norsk Kunstnerleksikon (1982–1986) Om Emma Matthiasen på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Folk frå Oslo