Steinsirklane i Senegambia er fleire grupper av steinsirklar i Gambia nord for Janjanbureh og i sentrale Senegal. Området der ein finn dei er kring 39 000 km² stort. Det omfattar over 1000 steinsirklar og gravhaugar, og er den største konsentrasjonen av steinsirklar nokon stad i verda. Det er eit heilage område som blei brukt samanhengjande i over 1500 år.Stone Circles of Senegambia [i] Alvarez, Melissa, Earth Frequency: Sacred Sites, Vortexes, Earth Chakras, and Other Transformational Places, s. 152-3, Llewellyn Worldwide (2019), (henta 8. juli 2019) 21. juli 2006 blei steinsirklane erklærte som verdsarv.

Nokre av steinane blei reiste på 700-talet oppå eldre gravsetjingar. Dei ti til tjuefire kampesteinane i kvar sirkel varierer i storleik og er opptil 10 tonn tunge. Dei er mellom 1 og 2,5 meter høge og består hovudsakleg av lateritt. Steinane markerer gravleggingar og blei reist før 1100-talet. Det finst kring eit tusentals steinsirklar. Dei største konsentrasjonane omfattar meir enn 1000 steinar i 52 sirklar ved Djalloumbéré og kring byen Wassu der det òg finst eit museum om desse.

Ein oppsiktsvekkande steinsirkel er faktisk eigentleg ikkje ein sirkel, men har ei V-form. Tradisjonelt legg folk små steinar oppå kampesteinane, av ukjende grunnar. Kvifor ein har sett opp kampesteinane er ikkje heilt klarlagt, men ein utgraving frå 2006, rapportert av National Geographic Society, tyder på eit opphavleg gravleggingsformål, ettersom det er funne eit stort tal menneskelege leivningar på stadanee.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stencirklarna i Senegambia» frå , den 17. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

UNESCO/UNESCO World Heritage Centre - Stone Circles of Senegambia Kategori:Verdsarv i Gambia Kategori:Minnesmerke Kategori:Verdsarv i Senegal