Rebecca Ann Latimer Felton () var ein amerikansk forfattar, lærar, sosialreformerar og politikar som vart den første kvinna som tenestegjorde som senator i det amerikanske senatet. Ho er den mest prominente kvinna historia til den amerikanske delstaten Georgia historie i den progressive perioden, og vart heidra med ei utnemning til senatet.

Felton vart teken i eid den 21. november 1922 og tenestegjorde berre i 24 timar. I ein alder av 87 år, ni månadar og 22 dagar var ho den eldste ferske senatoren som kom inn i senatet. Ho er så langt den einaste kvinna som har vore Senator frå Georgia. Ektefellen hennar William Harrell Felton var medlem av Representanthuset og representanthuset i Georgia, og ho dreiv valkampane hans. Ho var ei leiande sosietetskvinne, ein talsperson for fengselsreformer, røysterett for kvinner og pedagogisk modernisering.

Ho var også den siste tidlegare slaveeigaren i Kongressen, og ei av få framståande kvinner som talte i favør for lynsjing.Numan Bartley, The Creation of Modern Georgia (1983) s. 121

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rebecca Latimer Felton» frå , den 19. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Rebecca Latimer Felton i det biografiske kartoteket til den amerikanske kongressen Rebecca Latimer Felton hos American National Biography

Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Senatorar i USA Kategori:Folk frå Georgia