Amalie Dorothea Reinhardt () var ein norsk forfattar og dramatikar som i vesentleg grad skreiv historiske drama i verseform under pseudonymet Doris Rein.
Liv og virke Dorothea Reinhardt gjekk på frøken Natalie Zahles lærerindekursus i København og tok guvernanteeksamen ved Nissens skole i Kristiania. Ho var fleire år utanlands, og studerte ved universitet i Cambridge og München.
Under pseudonymet Doris Rein skreiv Reinhardt ei rekkje historiske drama i verseform. Ho debuterte med den historiske einakteren Monime, som vart gjeven ut av Bigler i Kristiania i 1893. Fram mot hundreårsskiftet følgde ho opp med ei rekkje drama, som Jesabel, Statira og Kleopatra. Etter eit opphald gjenopptok ho dramadiktinga med femakteren Botheira i 1907. Denne vart etterfølgd av blant andre Savitri – indisk legende (1912) og Den gyldne stad (1920), som begge vart omsett til tysk.
Sjølv om Reinhardt skreiv på ei form som i samtida vart sett på som gammalmodig, tok ho opp dagsaktuelle problemstillingar som stillinga og rettene til kvinner. I Nye tider (1896) tek ho for seg kvinna sin rett til å ha ei sjølvstendig livsoppgåve.
I 1896 var Reinhardt med på å stifta den feministiske Diskussionsforeningen i fødebyen Kristiansand, og var dessutan den fyrste formannen i foreininga. Ho skreiv fleire artiklar i norske tidsskrift.
Familie Dorothea Reinhardt var dotter av konsul Peder Ferdinand Reinhardt og Andrea Henriette Marie Bessesen. Ho vart verande ugift.
Bibliografi 1893: Monime – historisk drama i 1 akt, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania 1894: Jesabel – historisk drama i 5 akter, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania 1896: Nye tider – dramatisk arbeide i 1 akt, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania 1897: Statira – historisk drama, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania 1899: Kleopatra – historisk drama i 5 akter, Aktieforlaget, Kristiania 1907: Botheira – dramatisk digtning i fem akter, Aschehoug, Kristiania 1909: Saul – dramatisk arbeide i fem akter, Aschehoug, Kristiania 1912: Savitri – indisk legende – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania 1916: Hvad er kultur – tre foredrag, Aschehoug, Kristiania 1920: Den gyldne stad – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania 1922: Undret – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania 1926: Jeg skjænker mit digt til vaaren – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania
Omsette verk 1922: Savitri – Dramatische Dichtung, tysk utgåve av Savitri – indisk legende – dramatisk digtning 1927: Der Printz von Himalaya, tysk utgåve av Den gyldne stad – dramatisk digtning
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dorothea Reinhardt» frå , den 21. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Kristiansand