Agnes Steineger () var ein norsk målar, teosof og antroposof.
Liv og virke Bakgrunn Foreldra hennar var Petter Starner Steineger, som var kjøpmann i Bergen, og Ingeborg Katharina Hess. Agnes var veslesystera til zoologen Leonhard Hess Stejneger.
Steineger budde delar av barndommen i Tyrol. Mora døydde då ho av 12 år gammal, og same året gjekk ho på internatskule i Sunnfjord.
Kunst Ho gjekk i målelære hos Anders Monsen Askevold i Bergen, og seinare hos Marcus Grönvold og Bertha Wegmann i München. Ho debuterte med måleriet Markblomster i Bergen Kunstforening 1883. Steineger studerte ved Académie Colarossi i 1886 og var på representert på Salonen i Paris 1887 og 1888, i tillegg til Verdsutstillinga i Paris 1889. Hovudsakeleg var ho busett i Italia i perioden frå 1902 til 1914. Det mest kjente verket hennar er Selvportrett frå 1895, som er utstilt i Bergen kunstmuseum.
Teosof og antroposof I 1901 kom Steineger i kontakt med teosofien, og ho var blant dei første medlemmane av Teosofisk Samfunn i Kristiania. Steineger traff Rudolf Steiner først i 1908. I 1914 leia ho ei antroposofisk gruppe i Firenze. Ho drog til Goetheanum i Sveits og deltok saman med fleire nordmenn i verksemda med bygging og utsmykking av det første Goetheanum. Ho spela også klaver til eurytmi.
Siste år Etter opphaldet i Sveits flytta Steineger til Noreg og Bergen, og ho var aktiv i Bergensgruppa i Antroposofisk Selskap heilt fram til ho var hundre år gammal. Steineger var venninne av målaren Frida Hoeck Rusti som var fødd i 1861, og saman feira dei sine 102 og 100 år. Agnes Steineger døydde 16. juni 1965, 102 år gammal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Agnes Steineger» frå , den 21. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kunstnarar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske antroposofar Kategori:Norske hundreåringar Kategori:Folk frå Bergen