Dag-Eilev Fagermo () er ein norsk fotballtrenar. I 2020 blei han hovudtrenar for Vålerenga Fotball.
Fagermo byrja trenerkarrieren for Skarphedin, før han gjekk til Pors Grenland i 2002. Han trente så Notodden FK i 2005, før han fekk jobben som hovudtrenar i før 2006-sesongen. Etter å ha trent Strømsgodset i to sesongar, gjekk han til Odd Grenland frå desember 2007. Han trente Odd frå 2008-sesongen.
I 2014 leia Fagermo Odds Ballklubb til sin første seriemedalje på over 50 år. Same året første han også Odd til cupfinalen. I 2015 enda Odd på fjerdeplass i Tippeligaen, men spelte seg heilt til play-off i europaligakvalifiseringa. Der blei det tap for storlaget Borussia Dortmund. I 2016 leia Fagermo klubben til nok ein ny seriemedalje, denne gongen bronse.
I 2020 takka Fagermo ja til å bli trenar for Vålerenga.
Fagermo har òg vore varamedlem til kommunestyret i Sauherad kommune for Høyre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dag-Eilev Fagermo» frå , den 7. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Folk frå Sauherad Kategori:Fotballtrenarar for Strømsgodset IF Kategori:Fotballtrenarar for Odds Ballklubb