Julie Songstad Andersland () er ein norsk politikar for Venstre. Ho er leiar for Venstre si bystyregruppe i Bergen og tidlegare byråd for klima, kultur og næring.

Liv og virke Bakgrunn Julie Andersland er dotter av tidlegare byråd Geir Kjell Andersland.

Andersland vart cand.polit. med hovudfag i sammenliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004. Frå 2004 til 2011 var ho praktikant, seinare senioranalytikar for berekraftige investeringar i Storebrand i Oslo.

Politikk Andersland har vore medlem av sentralstyret til Unge Venstre og leiar i Bergen Unge Venstre. Frå 1999 til 2003 var ho medlem av bydelsstyret for Bergenhus. Ho vart fyrste gong vald inn på fast plass i Bergen bystyre i 2003, då ho også vart leiar i bystyregruppen til Venstre. Ho tredde ut i 2004.

I 2011 vart Andersland på nytt vald inn i Bergen bystyre, og ho vart gruppeleiar for Venstre. Frå 2015 til 2019 var ho byråd for klima, kultur og næring i Bergen kommune. Ho vende så tilbake til bystyret som gruppeleiar.

Anna virke Andersland er styreleiar i Bergen Kunstforening og styremedlem ved Nationaltheateret. I 2022 vart ho direktør for Bergen Offentlige Bibliotek.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Julie Andersland» frå , den 24. mars 2023.

Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Norske politikarar Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Venstrepolitikarar i Hordaland Kategori:Unge Venstre Kategori:Folk frå Bergen