Gerda Johanne Helland Grepp ()Brev til en mor i Bergens Tidende (9.2.2003) var ein norsk journalist.Krigsreporteren fra Fjøsanger, Bergens Tidende (7. desember 2013)

Familie Gerda Grepp var dotter av Kyrre Grepp og Rachel Grepp.

Grepp var gift med den italiensk-sveitsiske keramikaren Mario Mascarin (1901–66). Dei fekk sonen Olav Kyrre Grepp og dottera Solveig Marie Alexandra «Sacha» Grepp. Dottera var kalla opp etter revolusjonspolitikar og familievenn Aleksandra Kollontaj, og budde i åra 1935–1945 på Fjøsanger utanfor Bergen der Helland-familien har budd frå ca. 1875.Sacha i Andesmauet i Stavanger Aftenblad (4.12.2003)

Yrkesliv Grepp arbeidde, som mora Rachel Grepp, som journalist i Arbeiderbladet.

Grepp blei den fyrste norske journalisten som rapporterte frå den spanske borgarkrigen, der ho jobba med Arthur Koestler, Nordahl Grieg og Lise Lindbæk. Ho representerte det franske Agence Espagne i Paris 1937–1938.

Sjukdom og død Gerda Grepp døydde av tuberkulose, i likhet med faren Kyrre Grepp (1922) og broren sin Peter Andreas Grepp (1933).

Ettermæle I 2018 blei eit auditorium ved Oslomet – storbyuniversitetet kalla opp etter Gerda Grepp, Gerda Grepps auditorium.

Bibliografi Axel Wedding, Gutten og sigøynerpiken (1934). Omsetjing av Ede und Unku Hermynia Zur Mühlen, De tok våre døtre (Tiden, 1934). Omsetjing av Unsere Töchter, die Nazinen Kvinnen i det tredje rike (Arbeidernes oplysningsforbunds kvinnekomite, 1935). Omsetjing (23 sider).

Litteratur

Jo Stein Moen, Rolf Sæther: Tusen dager, Gyldendal, Oslo (2009) ISBN 9788205393516 Elisabeth Vislie: Ved fronten - Gerda Grepp og den spanske borgerkrigen, Pax, Oslo (2016) ISBN 9788253038667

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gerda Grepp» frå , den 27. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Hun var den første ved fronten. Gerda Grepp ble glemt., Artikkel om Gerda Grepp i Dagsavisen Gerda Grepp hos Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek «Hun var den dristigste av alle», artikkel om Gerda Grepp i Dagsavisen Omtale av Gerda Grepps innsats som krigskorrespondent i Spania på nettstedet for bokA Tusen dager

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Journalistar i Dagsavisen eller forlauparar Kategori:Folk frå Oslo