Columbus er ein by og eit byfylke vest i delstaten Georgia i USA. Columbus ligg ved Chattahoochee-elva, tvert overfor Phenix City i delstaten Alabama. Byen er fylkessete for Muscogee County. Ved folketeljinga 2020 hadde Columbus 206 922 ibuarar. Byen ligg 160 km sørvest om Atlanta.

mini|venstre|Bybilete i Columbus

Fort Benning, det viktigaste øvingssenteret for USA si hær, ligg sør om Columbus. Den militære basen er ein særleg viktig sysselsetjar.

Krigsforbrytaren Willam Calley og musikaren Danny Whitten var frå Columbus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Columbus, Georgia» frå , den 29. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Georgia