Skunkkala (Lysichiton americanus) er ei plante i skunkkalaslekta i myrkonglefamilien. Arten kjem frå vestlege Nord-Amerika.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som første gong vart funnen i naturen i 1985. Arten er i rask auke i vasskantar og på våt beitemark spreidde stader langs kysteb frå Østfold til Møre. I Framandartslista 2023 er arten registrert med svært høg risiko (SE), oppgradert frå høg risiko (HI) i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skunkkalaslekta