«Shower the People» er ein song av James Taylor og opningssporet på albumet hans In the Pocket frå 1976.
Mottaking Cash Box sa at songen er «ein meiningsfull ballade som vil bli mykje spelt på FM-radio» og sa vidare at han har «ein måte med melodi og frasering» som liknar på andre Taylor-songar.
Medverkande James Taylor – solovokal, harmonivokal, akustisk gitar Carly Simon – harmonivokal Danny Kortchmar – elektrisk gitar Leland Sklar – bassgitar Russ Kunkel – trommer, perkusjon Victor Feldman – klokkespel, vibrafon Clarence McDonald – Fender Rhodes, orgel Nick DeCaro – orgel
Salslister «Shower the People» nådde 22. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA den hausten, og heldt seg på topp 40 i åtte veker. Han toppa òg Easy Listening-lista i ei veke, for tredje gong for Taylor, etter «You've Got a Friend» frå 1971 og «How Sweet It Is (To Be Loved by You)» frå 1975.Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6. utgåve (Billboard Publications)
I Canada nådde ikkje songen opp på topp 40 på poplista, men han nådde førsteplassen på Adult Contemporary-hitlista.
Andre versjonar Den kristne rockesongaren Mylon LeFevre spelte inn songen med bandet sitt Broken Heart i 1990 på albumet Crank It Up. Dei gav han ut på singel og versjonen deira nådde fjerdeplassen på CCM Magazine sine Christian AC og Christian CHR-hitlister.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shower the People» frå , den 7. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:James Taylor-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Songar skrivne av James Taylor Kategori:Songar produserte av Lenny Waronker Kategori:Songar produserte av Russ Titelman Kategori:Warner Bros. Records-singlar