Eugene Edgar Page jr. () var ein USA-amerikansk dirigent, komponist, arrangør og plateprodusent, mest aktiv frå midten av 1960-åra og til midten av 1980-åra.
Han kan høyrast i arrangementa han gjorde for Jefferson Starship, The Righteous Brothers, The Supremes, Four Tops, Barbra Streisand, Johnny Mathis, Donna Loren, Martha and the Vandellas, Cher, Harriet Schock, Barry White, The Love Unlimited Orchestra, Dionne Warwick, Aretha Franklin, Whitney Houston, George Benson, The Jackson 5, Roberta Flack, Elton John («Philadelphia Freedom»), Leo Sayer, Marvin Gaye, The Temptations, Frankie Valli, Helen Reddy og Lionel Richie, blant fleire.
I tillegg gav han ut fire soloalbum og laga musikk til ulike filmar, som Brewster McCloud og Fun with Dick and Jane. I 1972 vart han hyra for å lage musik til blaxplotation-filmen Blacula.
Gene Page døydde etter mange års sjukdom som følgje av alvorleg alkoholisme på UCLA Medical Center i Westwood i Los Angeles den 24. august 1998, 58 år gammal.
Diskografi Studioalbum År Album Listeplassering Plateselskap US USR&B 1974 Hot City 156 41 Atlantic Records 1976 Lovelock! — 45 1978 Close Encounters — — Arista Records 1980 Love Starts After Dark — — «—» syner at albumet ikkje gjekk inn på lista Med Big Joe Turner The Real Boss of the Blues (BluesTime, 1969)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gene Page» frå , den 8. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske musikkarrangørar Kategori:USA-amerikanske dirigentar Kategori:The Love Unlimited Orchestra-medlemmar