New Masters er det andre studioalbum til songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i desember 1967 på Deram Records som ein oppfølgjar til det særs suksessrike debutalbumet, Matthew and Son.

Oversikt Plateselskapet var skuffa over det dårlege salet av det andre albumet til Cat Stevens, sidan det førre albumet nådde topp ti i Storbritannia og produserte fleire hitsinglar. New Masters genererte lita interesse, og nådde verken hitlistene i Storbritannia eller USA. Singelen «Kitty»/«Blackness of the Night» vart liggjande på 47. plass, og vart den første singelen til Stevens som ikkje nådde topp 40. Dette var ein brå og bratt kommersiell nedgang frå den store suksessen Stevens hadde hatt med dei tidlegare innspelingane sine.Yusuflifeline Official Website

«The First Cut Is the Deepest» har vorte spelt inn med suksess av fleire artistar. Før utgivinga av New Masters hadde Stevens selt songen for 30 pund til P.P. Arnold (tidlegare i Ike and Tina Turner Revue) og gav den tidlegare Ikette-en sin første britiske hit. I tiåra som kom skulle han òg bli ein hit for Rod Stewart, Sheryl Crow, James Morrison og Keith Hampshire. Hampshire-versjonen nådde førsteplassen på dei kanadiske hitlistene i 1973. Andre versjonar er gjort av songaren Barbara Jones, Colm Wilkinson frå Les Misérables og Jesus Christ Superstar, Duffy og Jools Holland Rhythm & Blues Orchestra.

Innhald

Medverkande Cat Stevens – vokal, gitar, klaverinstrument Chris Hunt – trommer Herbie Flowers – bass Arthur Greenslade, Lew Warburton, Ivor Raymonde – musikalsk leiar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «New Masters» frå , den 10. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Cat Stevens-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Deram Records-album