thumb|right|Bandspelar, Tandberg serie 14 Tandbergs Radiofabrikk var eit norsk føretak som vart stifta for å produsere radioapparat.

Føretaket vart stifta i 1933 av sivilingeniør Vebjørn Tandberg og låg i Kongens gate, i Oslo. I starten var det berre tre tilsette og lokala var på berre 40 m2. Produksjonen auka jamt og føretaket flytta fleire gongar til større lokale, før det i 1951 bygde nye moderne fabrikklokale på 9600 m2 på Kjelsås.

I tillegg til radioapparat produserte Tandberg fjernsynsapparat, spolebandopptakarar, høgtalarar og forsterkarar.

I 1972 gjekk Tandberg motviljug med på å ta over det kriseramma Radionette, etter sterkt press frå Jens Christian Hauge, som var styreformann i Radionette og styremedlem i Tandbergs Radiofabrikk frå 1972 til 1978. Etter samanslåinga gjekk Tandberg Radiofabrikk med underskot og i 1978 gjekk føretaket konkurs.

Etter konkursen vart det stifta fleire nye føretak, med Tandberg i namnet:

Tandberg Industrier A/S (oppløyst) Tandberg Audio A/S (konkurs) Tandberg Audio Products AS (konkurs) Tandberg Television ASA Tandberg Data ASA Tandberg Storage ASA Tandberg ASA Tandberg Telecom AS Tandberg USA Inc. Tandberg Educational

Bakgrunnsstoff Tandbergs historie - selskaper og fabrikker på http://www.nrhf.no http://home.online.no/~jandors/tandberg_historie.html

Kategori:Radio Kategori:Norsk industrihistorie Kategori:Tidlegare føretak i Oslo Kategori:Konkursråka føretak Kategori:Skipingar i 1933 Kategori:Nedleggingar i 1978