Teaser and the Firecat er det femte studioalbumet til den engelske visesongaren Cat Stevens, gjeve ut i oktober 1971. Den engelske klaverspelaren Rick Wakeman spelte piano på «Morning Has Broken» og den engelske musikaren Linda Lewis bidrog med vokal på «How Can I Tell You».

I 1972 vann albumet prisen for det bestseljande albumet i den australske King of Pop-prisutdelinga.

Oversikt Albumet inneheld ti songar, inkludert hittane «Morning Has Broken», «Moonshadow» og «Peace Train». Det er òg tittelen på ei barnebok skrive og illustrert av Stevens. Historia handlar om figurane frå plateomslaget, den flosshattkledde ungen Teaser og kjæledyret hans, Firecat, som prøver å setja månen på plass igjen etter at han har falle ned frå himmelen. Boka vart gitt ut i 1972 og har vore utselt sidan midten av 1970-talet.

Albumet vart ein kommersiell suksess, og overgjekk høgdene som det førre albumet til Stevens oppnådde, Tea for the Tillerman, og nådde topp 3 i både Storbritannia og USA og var òg femten veker på toppen av den australske albumlista, og vart det mest selde albumet i landet i 1972.

I 1977 var ein animert versjon, fortalt av komikaren Spike Milligan, med songen «Moonshadow», eit segment i Fantastic Animation Festival. I november 2008 vart ei «luksusutgåve» gitt ut med ei andre plate med demoar og konsertopptak.

Mottaking

I ei samtidig melding i magasinet Rolling Stone roste musikkritikaren Timothy Crouse den særeigne musikalske stilen til Stevens og introspektive songar som «Tuesday's Dead» og «The Wind», men meinte at hah mangla den stemningsfulle kvaliteten til Van Morrison og dei raffinerte tekstane til James Taylor: «Cat er blitt ein påliteleg artist, ein god artist, men han ser ut til å vere ein av dei komponistane som ikkje utviklar seg, som ikkje har nokre overraskingar.»

I ei retrospektiv femstjerners melding fann AllMusic-skribenten William Ruhlmann albumet meir forenkla lyrisk og musikalsk underhaldande enn Tea for the Tillerman (1970): «Teaser and the Firecat var det Cat Stevens-albumet som gav meir overflateglede til fleire menneske, noko som i popmusikk er det spelet går ut på.» Det hamna på 539. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).

Innhald

Luksusutgåve

Plate to

Medverkande Musikarar

Cat Stevens - akustisk gitar, piano og song Alun Davies - akustisk gitar, korsong Larry Steele - bassgitar, conga Gerry Conway - trommer, perkusjon Harvey Burns - trommer, perkusjon Linda Lewis - kvinneleg vokal på «How Can I Tell You» Jean Alain Roussel - hammondorgel på «Peace Train » Andy Roberts (ikkje kreditert) - Kriwaczek orgel på «How Can I Tell You» Rick Wakeman (ukreditert) - piano på «Morning Has Broken» Andreas Toumazis - bouzouki på «Rubylove» Angelos Hatzipavli - bouzouki på «Rubylove» Del Newman - strykeinstrument

Teknisk Cat Stevens - plateomslag David Bailey - fotografi

Salslister Vekeslister Liste (1971/72)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 1Storbritannia (Official Charts Company) 2USA (Billboard 200) 2 Liste (2021) Plassering

Årslister Liste (1972) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 33

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teaser and the Firecat» frå , den 13. april 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Cat Stevens-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Paul Samwell-Smith Kategori:Island Records-album Kategori:A&M Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios