Homecoming er det andre studioalbumet til America, utgjeve 15. november 1972 på Warner Bros. Records. Albumet var akustisk gitar-basert, men samstundes med meir tydeleg elektrisk gitar og klaverinstrument enn på det første albumet deira. Albumet opprettheldt suksessen deira og inkluderte ein av dei mest kjende hittane deira, «Ventura Highway.»
Homecoming nådde niandeplassen på Billboard Pop Albums-lista og vart sertifisert til platinaplate av RIAA. Albumet produserte tre hitsinglar: «Ventura Highway», som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen på Adult Contemporary-lista; «Don't Cross the River», som nådde 35. plassen på Billboard-lista og 23. plassen på AC-lista; og «Only in Your Heart» som nådde 62. plassen på Billboard Hot 100. Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «To Each His Own», «California Revisited» og «Cornwall Blank».
For dette albumet og dei neste seks gjennom dei neste fem åra valde gruppa tradisjonelt titlar som byrja med bokstaven «H» (det sjølvtitulerte debutalbumet vart uoffisielt inkluderte i denne distinksjonen då fansen byrja å referera til det som «Horse with No Name»-albumet då det sporet vart lagt til seinare utgåver.
Motaking
I AllMusic-meldinga kalla musikkritikaren David Cleary Homecoming for «det beste albumet til America», og trass i til tider banale tekstar, skreiv han at «kvar song her har noko å tilrå. Dette førsteklasses albumet er svært givande å lytta til.»
Record World sa om «Don't Cross the River» at det var eit «meir countryaktig kutt [enn 'Ventura Highway'] komplett med banjoar og alt.»
Innhald
Medverkande America Dan Peek – gitar, klaverinstrument, vokal Gerry Beckley – gitar, klaverinstrument, vokal, bassgitar på «Till the Sun Comes Up Again» og «Head and Heart» Dewey Bunnell – gitar, vokal, perkusjon på «Head & Heart» med: Joe Osborn – bassgitar Hal Blaine – trommer, perkusjon Gary Mallaber – trommer og perkusjon på «Till the Sun Comes Up Again» Teknisk Gary Burden – kunstnarisk leiar, design Henry Diltz – fotografi, banjo på «Don't Cross the River» Bill Halverson – lydteknikar Lee Herschberg – mastering Chuck Leary – assisterande lydteknikar Mike D. Stone på Record Plant – lydteknikar Yoshiro Nagato - platenotat
Salslister Liste (1972-1973) Plassering Australske album (Kent Music Report)17Den japanske albumlista (Oricon) 42 Spain (AFYVE) 17
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Homecoming (America album)» frå , den 17. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:America-album Kategori:Warner Bros. Records-album