Heliantheini er ein av to biologiske tribusar (stammar) som utgjer underfamilien Lesbiinae i kolibrifamilien Trochilidae. Den andre stammen i underfamilien er Lesbiini («koketter»). Det uformelle engelske namnet brilliants er foreslått for denne gruppa, her omsett til «briljantar».

Den største slekta i stammen er Lophornis som òg er koketter etter fellesnemninga i dei norske artsnamna. Per 2023 samlar denne stammen totalt 57 artar fordelte på 13 slekter.

Leveområdet er generelt avgrensa til Sør-Amerika for dei 57 artane med unnatak av blåsmykkebriljant (Heliodoxa jacula) som lever frå Costa Rica til Ecuador.

Fylogeni

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar. Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte to av dei ni kladane i underfamilien Lesbiinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Lesbiini («koketter») og Heliantheini («briljantar»).

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.

Kladogram for kolibrifamilien:

Artsliste Stamme Heliantheini, «briljantar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.

Kjelder

Artikkelen bygger på «Lesbiini» frå , den 18. april 2023

Referansar

Kategori:Kolibrifamilien