Oldmanelva, eller Oldman River, er ei elv i sørlege Alberta i Canada. Ho renn hovudsakleg frå vest mot aust frå Rocky Mountains, gjennom Fort Macleod og Lethbridge og vidare til Grassy Lake, der ho renn saman med Bow River og dannar South Saskatchewan-elva. Denne munnar til slutt ut i Hudsonbukta.
Elva har ei total lengd på og eit nedslagsfelt på .
Historie I 1991 fullførte styresmaktene i Alberta Oldman River Dam. Motstandarar mot utbygginga frå piikaninasjonen, leia av Milton Born With A Tooth, hadde prøvd å leia Oldman River vekk frå område der dei hadde tradisjonelle gravstader, noko som førte til væpna konfrontasjon. Demningen blei bygd på møtestaden for Oldman-, Crowsnest- og Castle-elvene.
Løp Frå utspringet til munningen renn desse elvene ut i Oldman:
Livingstone River Crowsnest River Castle River Pincher Creek Beaver Creek Willow Creek Belly River Waterton River St. Mary River Lee Creek Little Bow River
Natur Oldman River har utspring i Beehive Natural Area, eit område med alpin tundra og urskog av gran- og edelgranskog. Ho renn gjennom Bob Creek Wildland Provincial Park og Black Creek Heritage Rangeland. Oldman Dam og Oldman River er andre område med status som Provincial Recreation Area langs elveløpet.
Oldman River inneheld fiskeartar som aure, regnbogeaure, cutthroat trout (Oncorhynchus clarkii), bull trout (Salvelinus confluentus), hybride auereartar («cutbow,» kryssingar mellom rainbow og cutthroat), mountain whitefish (Prosopium williamsoni), gjedde, walleye (Sander vitreus), lake sturgeon (Acipenser fulvescens), sugekarper, goldeye (Hiodon alosoides) og karpe.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oldman River» frå , den 21. april 2023.
Kategori:Elvar i Alberta