Alexandria er ein by i delstaten Virginia i USA, med om lag 160 000 ibuarar. Byen ligg på vestbreidda av elva Potomac, ikring 11 km sør om midtbyen av Washington D.C.

Til liks med andre delar av det nordlege Virginia og sentrale Maryland, er Alexandria mykje påverka av nærleiken til hovudstaden i USA. Byen er i stor grad folkesett av tilsette i det nasjonale embets- og tenesteverket, det militære, eller i eit av dei mange private selskapa som yter tenester til den USA-amerikanske staten. Forsvarsdepartementet i USA er ein av dei største sysselsetjarane i Alexandria.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alexandria, Virginia» frå , den 24. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Virginia