Bridgeport er ein hamneby sørvest i delstaten Connecticut i USA med 148 654 ibuarar (2020). Han ligg ved utløpet av Pequennock-elva i Long Island-sundet, om lag 80 kilometer nordvest om New York by. Bridgeport er del av eit storbyområde som også omfattar Stamford og Norwalk og til saman har kring 950 000 ibuarar. Folketalet gjekk sakte tilbake fram mot 2000, men har sidan stige til kring 1930-nivå.
Tenesteytande næringar, så som finansverksemd, helsetenester og undervisning, sysselset ein stor del av arbeidsstokken. Tidlegare spelte industrinæringar hovudrolla i økonomien.
Soge Jordbruk og fiske var viktigaste næringsvegane då europeiske folk slo seg ned her i fyrste halvdel av 1600-åra. Ein landsby voks fram på 1760-talet og ekspanderte gjennom handel med kystbyane Boston, New York, Baltimore og med Karibia. Byen fekk namnet Bridgeport i 1800, og vart eit handelssenter, mykje basert på kvalfangst og skipsbygging. Etter det i 1849 kom jarnbane mellom New York og New Haven vart Bridgeport snøgt ein industriby. I tida 1870-1910 var Bridgeport viktigaste industristaden i Connecticut. Her vart framstelt elektrovarer, transportutstyr, maskinverkty, våpen, skrivemaskinar, bildelar og matvarer. Industrinæringane vart sterkt svekka i 1970- og 1980-åra og talet på fattige steig.
Ymse Barnum Museum, til minne om sirkuseigaren Phineas T. Barnum, er ein kjend attraksjon i byen. Bridgeport er elles kjent for mange offentlege parkar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Connecticut