Nine Lives er det tolvte studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, gitt ut 18. mars 1997. Albumet vart produsert av Aerosmith og Kevin Shirley, og var det første studioalbumet dei gav ut på Columbia Records sidan Rock in a Hard Place i 1982. I USA nådde han førsteplassen på Billboard 200 og selde over to millionar eksemplar. Ein av singlane til albumet, «Pink», vann ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal. Inntil Music from Another Dimension! var Nine Lives deira lengste album, på 63 minutt.
Produksjon Tidlige innspelingar fann stad i Criteria Studios i Miami i Florida, der bandet jobba med produsent Glen Ballard. Der skreiv Steven Tyler og Ballard saman tekstane til «Falling in Love (Is Hard on the Knees)», «Tasta of India» og «Pink». Andre samarbeidspartnarar, inkludert Desmond Child og Taylor Rhodes, vart med Tyler og gitaristen Joe Perry for å skriva songar. Child har tidlegare samarbeidd med Aerosmith på hittar som «Angel», «Crazy» og «Dude (Looks Like a Lady)».
Berre ei veke før prøvene leid trommeslagaren Joey Kramer av depresjon, etter å ha sørgt over tapet av faren nokre år tidlegare. Henta 16. mai 2023 Med Kramer utilgjengeleg byrja det å gå rykte om at bandet ville bli oppløyst. Steve Ferrone vart henta inn for å spela trommer inntil Kramer kunne komma tilbake.Newman, Melinda. «Aerosmith to Get Global Record Push From Columbia». Billboard, 15. februar 1997. Henta 16. mai 2023 «Eg kom tilbake med eit fint perspektiv på kva eg bringar til bordet i Aerosmith,» reflekterte Kramer. «Det var sunt for meg. Me enda opp med å spela inn på nytt fordi folk lytta til spora og sa nokre negative ting om det og sa at bandet ikkje høyrdest ut på same måte.»
Albumet skulle opphavleg sleppast sommaren 1996, men vart forseinka fordi Columbia Records var misnøgd med dei ni sporane som Aerosmith og Ballard hadde produsert.«Record Heaven - Aerosmith - Nine Lives». Henta 16. mai 2023 Ytterlegare problem oppstod i juli same år, då bandet bad manageren sin Tim Collins om å trekkja seg etter nesten tolv års samarbeid. I sjølvbiografien Rocks: My Life In and Out of Aerosmith, fortalde Perry at Aerosmith kjende seg forrådd av Collins, ettersom han ville setja medlemmene opp mot kvarandre. |pages=391 Med den mangeårige manageren sin borte bestemde banda seg for å tilsetja ein eigen produsent, Kevin Shirley, og etablerte seg i Avatar Studios i New York City. Shirley, som òg hadde jobba med Journey, hjelpte til med overtonane og instrumenta til albumet, spesielt gitarlyden. I ein MTV-spesial frå 1997 som promoterte innspelinga av Nine Lives, uttalte Tyler: «Han fekk det putta ein stad inn mellom Toys in the Attic og Rocks.»MTV - Making Nine Lives. Henta 16. mai 2023
Dei nye øktene byrja i september 1996 og heldt fram til november. Etter skiftet i produksjonen kom Kramer seg frå depresjonen, og vende tilbake til studioet. I staden for å spela sine spor over Ferrone sine, spelte bandet inn på nytt frå botnen av på alle dei ferdige spora med Kramer.. John Kalodner, A&R-mann i Columbia, vart henta tilbake for å overvaka prosjektet, etter at han hadde vorte pressa av produksjonen i Florida av Collins. Han hjelpte til med å trimma dei tjuefire songane som hadde vorte skrivne til tretten. Opphavleg kalla bandet albumet «Vindaloo», etter å ha lagt til element av indisk musikk gjennom nokre av songane, inkludert ein sarangi-intro av Ramesh Mishra på songen «Taste of India». Men etter å ha fullført spora «Nine Lives», kjende bandet at det ville vera den perfekte tittelen, og fungerte som ein metafor for den urolege unnfanginga til albumet.
Plateomslag Heftet til Nine Lives inneheld 12 albumbilete (inkludert coveret). Kvart bilete inneheld ein mindre versjon av det førre biletet i seg sjølv. Det siste biletet er inkludert i det første, noko som skaper ein uendeleg loop. Det vart designa av Stefan Sagmeister.
Det opphavlege omslagsbiletet, inspirert av eit måleri i ei bok av A.C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada, viser guden Krishna (med eit kattehovud og kvinnelege bryst) som dansar på hovudet til slangedemonen Kāliyā. Hindusamfunnet protesterte og meinte at kunstverket var støytande. Bandet hadde ikkje vore klar over kjelda til kunstverket, og plateselskapet bad om unnskyldning, noko som førte til at dei neste trykka fjerna kunsten frå omslaget og hefta.AEROSMITH CHANGES COVER ART TO APPEASE PROTESTARSForfattar ukjent. «Aerosmith Chooses New Album Art». Rolling Stone. 22. april 1997. Det nye coveret viser ein katt bunden til eit knivkastar-hjul på eit sirkus.Shock and Awe: Top 10 Controversial Album Covers
Mottaking
I si AllMusic-melding samanlikna Stephen Thomas Erlewine Nine Lives med tidlegare Aerosmith-album og sa: «Nine Lives, derimot, er overarbeidd, med Aerosmith som gjer ein medviten innsats for å høyrast hippe og levande ut, noko som ironisk nok berre får dei til å høyrast slitne ut». Han kritiserte òg den urolege produksjonen på albumet og sa: «Ikkje berre er framsyningane overflatiske, men songane er ikkje fengjande - same kor hardt det prøver, 'Falling in Love (Is Hard on the Knees)' har ingen knaggar, og det er ikkje eit unntak». Elysa Gardner frå Rolling Stone var meir positiv i meldinga si frå 1997 og konkluderte: «For dei som rett og slett ikkje kan utstå ei samling Aerosmith-låtar utan sin del av powerballader, skuffar ikkje Nine Lives».
Utgivingar Nokre utgivingar av Nine Lives har ulike sporlister, spesielt dei to japanske utgåvene som begge inneheld songen «Fall Together». Songen vart inkludert som ei B-side på den første singelen til albumet «Falling in Love (Is Hard on the Knees)». Låten «What Kind of Love Are You On» hadde opphavleg tittelen «What Kind of Lover You Want», og var ein av mange unytta opptak som vart igjen frå innspelinga i Florida. Songen vart omdøypt til «What Kind of Love Are You On» og er med i filmen Armageddon, og dessutan det tilhøyrande filmmusikkalbumet. Låten vart seinare med på den europeiske nyutgivinga av den tredje singelen til albumet «Pink». Uferdige spor som vart forkasta under innspelinga i Florida inkluderer «Bacon Biscuit Blues», «Bridges Are Burning», «Heart of Passion», «Loretta» og «Trouble». Tyler nemnde òg ein song kalla «Where the Sun Never Shines» under eit MTV-intervju kort tid etter utgivinga av albumet.MTV - Prima-intervju 1997. Henta 19. august 2016
Innhald
Medverkande Aerosmith Steven Tyler – solovokal, klaverinstrument, hand organ, piano, munnspel, hammerdulcimer, perkusjon Joe Perry – gitar, slidegitar, dulcimer, korvokal Brad Whitford – gitar, akustisk gitar Tom Hamilton – bassgitar, Chapman Stick Joey Kramer – trommer
Andre medverkande David Campbell – arranger, dirigent (spor 2) Ramesh Mishra – sarangi John Webster – klaverinstrument, korvokal Suzie Katayama - strykarar, dirigent
Produksjon ProdusentarKevin Shirley and Aerosmith LydteknikararMark Hudson, Joe Perry, Rory Romano, Elliot Scheiner, Kevin Shirley, Steven Tyler Andre lydteknikarRory Romano MiksingElliot Scheiner, Kevin Shirley MasteringLeon Zervos ProgrammeringSander Selover BlåsararrangementDavid Campbell, Steven Tyler StrykararrangementDavid Campbell GitarteknikarJim Survis Ekstra gitarteknikararLisa Sharken, Archie Avila TrommeteknikarAndy Gilman LydteknikarDavid Frangioni Kunstnarisk leiarChristopher Austopchuk, Gail Marowitz Fotografisk leiarChristopher Austopchuk, Gail Marowitz FotografiF. Scott Schafer KalligrafiJeanne Greco StylistFiona Williams-Chappel
Henta frå plateomslaget.
Salslister
Weekly Charts +Vekesliste for Nine LivesListe (1997–98)PlasseringDen danske albumlista (Hitlisten)4Italian Albums (FIMI) With «Ricerca per» set på «Titolo», search «Nine Lives» and then click «Classifiche».7Den japanske albumlista (Oricon)3Spanish Albums (AFYVE)5UK Albums (OCC)4
Årslister +1997 year-end chart performance for Nine LivesListe (1997)Plassering Austerrikske album (Ö3 Austria) 37 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 79Tyske album (Offizielle Top 100)43 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 50US Billboard 20053 +Årsliste for 1998 for Nine LivesListe (1998)PlasseringKanadiske album (RPM) 98US Billboard 200 129
Salstrofé
Prisar Grammyprisar ÅrVinnarKategori1998«Pink»Grammyprisen for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nine Lives (Aerosmith album)» frå , den 16. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Aerosmith-album Kategori:Album produserte av Kevin Shirley Kategori:Plateomslag av Stefan Sagmeister Kategori:Columbia Records-album Kategori:Hinduisme-relaterte kontroversar Kategori:Obskønitetskontroversar i musikk Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Indisk mytologi i musikk Kategori:Religiøse kontroversar i musikk