Tracy Kristin Bonham () er ein USA-amerikansk alternativ rock-musikar. Ho var fødd og voks opp i Eugene i Oregon, og er ein klassisk opplært fiolinist og pianist, og ein sjølvlært gitarist.
Etter å ha bygd opp ein lokal tilhengjarskare skreiv Bonham kontrakt med Island Records i 1995. Debutalbumet hennar, The Burdens of Being Upright (1996), var ein kritisk og kommersiell suksess og gav henne to Grammy-nominasjonar, i tillegg til å bli sertifisert gullplate av Recording Industry Association of America (RIAA) mindre enn eitt år etter utgivinga. Førstesingelen frå albumet, «Mother Mother», toppa Billboard Alternative Airplay-lista i juni 1996, som var første gongen for ein kvinneleg soloartist. Bonham vart den einaste personen som oppnådde denne bragda fram til Lorde i 2013. Forseinkingar plaga utgivinga av hennar andre album, Down Here (2000), som ikkje nådde hitlistene internasjonalt. Bonham skilde lag med Island eit år etter utgivinga av albumet, før ho vende merksemda mot å jobba med andre musikalske artistar, inkludert The Blue Man Group, som ho opptredde med på deira The Complex Rock Tour Live-turné og live-DVD i 2003.
I 2004 signerte Bonham med Rounder Records-selskapet Zoë Records, som ho gav ut sitt tredje album Blink the Brightest (2005) for. Ho har sidan jobba med ulike andre plateselskap og gitt ut tre album til, Masts of Manhatta (2010), Wax & Gold (2015) og Modern Burdens (2017), og det siste er ei nyinnspeling av The Burdens of Being Upright.
Diskografi
Albums +Studioalbum og utvalde listeplasseringar og salstroféTittelAlbumdetaljarListeplasseringSalstroféUSUSHeat.AUSNLDNORNZSWEThe Burdens of Being Upright Utgjeve: 19. mars 1996 Selskap: Island Format: CD, CS, LP5493126274648 RIAA: GullDown Here Utgjeve: 18. april 2000 Selskap: Island Format: CD, CS———————Blink the Brightest Utgjeve: 16. mai 2005 Selskap: Zoë Records Format: CD, DD———————Masts of Manhatta Utgjeve: 13. juli 2010 Selskap: Engine Room Format: CD, DD———————Wax & Gold Utgjeve: 21. august 2015 Selskap: A Woody Hollow Format: CD, LP, DD———————Modern Burdens Utgjeve: 17. juni 2017 Selskap: A Woody Hollow Format: CD, LP, DD———————«—» syner til at innspelinga ikkje gjekk inn på lista eller ikkje vart gjeven ut i det området.
EP-ar +TittelAlbumdetaljarThe Liverpool Sessions Utgjeve: 7. mars 1995 Selskap: CherryDisc Format: CD, CS, LPBee Utgjeve: 20. november 2003 Selskap: Self-released Format: CDSomething Beautiful Utgjeve: 2005 Selskap: Zoë Records Format: CD+DVDIn The City/In The Woods Utgjeve: 26. april 2007 Selskap: Self-released Format: CDAll I Wish Every Christmas Utgjeve: 10. desember 2013 Selskap: Self-released Format: DDMy Big Red Heart Beats for You Utgjeve: 6. februar 2015 Selskap: Self-released Format: DD
Konsertalbum Pure McCartney (2013)
Singlar + Singlar utvalde listeplasseringar og sertifiseringar Tittel År ListeplasseringSalstrofé Album USMain. US Mod. USRadio AUS CAN NOR NLD NZ UKFor «Mother Mother»:
For «Sharks Can't Sleep»: «Dandelion»1995 — — — — — — — — —The Liverpool Sessions«Sunshine» — — — — — — — — —«Mother Mother»1996 18 1 32 5 77 6 32 13 138 ARIA: GullThe Burdens of Being Upright«The One» — 23 — — — — 92 — —«Sharks Can't Sleep» — — — — — — — — 93«Behind Every Good Woman»2000 — — — — — — — — —Down Here«Something Beautiful» 2005—————————Blink the Brightest«Shine» —————————«Eyes»—————————«Big Red Heart»2010—————————Masts of Manhatta«Luck»2015—————————Wax & Gold «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tracy Bonham» frå , den 16. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Kvinnelege post-grunge-songarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:Musikarar frå Boston Kategori:Folk frå Eugene i Oregon Kategori:Elevar ved Berklee College of Music Kategori:USA-amerikanske fiolinistar