'74 Jailbreak er ein EP av det australske rockebandet AC/DC, gitt ut i 1984. Han består av fem spor som tidlegare berre hadde vorte gitt ut i Australia. Trass i tittelen til EP-en vart songen «Jailbreak» faktisk spelt inn i 1976 og vart opphavleg gitt ut det året på den australske versjonen av albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap. Dei fire andre spora vart opphavleg gitt ut på den australske versjonen av debutalbumet til bandet, High Voltage, spelt inn i 1974 og gitt ut tidleg året etter.
Songen «Jailbreak» vart gitt ut som singel med tilhøyrande musikkvideo samtidig med EP-en. '74 Jailbreak vart gitt ut på nytt over heile verda i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.
Innhald
Medverkande Bon Scott – solovokal Angus Young – sologitar (spor 1 og 5), rytmegitar Malcolm Young – rytmegitar, sologitar (spor 2, 3 og 4), korvokal George Young – produsent, korvokal, trommer – bassgitar på alle utanom «Jailbreak » Mark Evans – bassgitar on «Jailbreak» Phil Rudd – trommer & perkusjon on «Jailbreak» Tony Currenti – trommer & perkusjon på spor 2-4 Harry Vanda – produsent
Salstrofé Land Sal SalstroféUSA1 000 000Platina
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «'74 Jailbreak» frå , den 18. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:EP-ar frå 1984 Kategori:Samlealbum frå 1984 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:AC/DC-album Kategori:Album produserte av George Young Kategori:Album produserte av Harry Vanda