Kanadatrane (Antigone canadensis) er ein særs stor fugl i tranefamilien (Gruidae). Arten høyrer til slekta Antigone, som i alt omfattar fire artar. Seks underartar er godkjente.

Ifølgje IUCN si globale raudliste er arten livskraftig. BirdLife International. 2012. Antigone canadensis. The IUCN Red List of Threatened Species 2012: e.T22692078A38431571. Besøkt 2016-08-16

Taksonomi Kanadatrane var tidlegare rekna til traneslekta, Grus, men «HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World» plasserer arten i Antigone, ifølgje del Hoyo et al. (2014).del Hoyo, J., Collar, N.J., Christie, D.A., Elliott, A. and Fishpool, L.D.C. 2014. HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World. Lynx Edicions BirdLife International. Nokon vel likevel framleis å plassera desse som basale artar i slekta Grus, men slekta blir då ifølgje Krajewski et al. (2010) parafyletisk.Carey Krajewski, Justin T. Sipiorski, and Frank E. Anderson (2010) Complete Mitochondrial Genome Sequences and the Phylogeny of Cranes (Gruiformes: Gruidae). The Auk: April 2010, Vol. 127, No. 2, pp. 440-452.

Skildring Kanadatraner varierer mykje i storleik. Nominatforma og underartane rowani og tabida viser ei gradvis morfologisk endring. Sistnemnde er betydeleg større og består av fem populasjonar som også viser morfologiske forskjellar, men desse er framleis lite studerte. Nominatforma blir kring 120 cm høg. Hannen veg cirka 3 750 g og hoa 3 350 g. Til samanlikning veg hannen av underarten A. c. tabida cirka 5 390 g og hoa 4 300 g. Vengespennet utgjer kring 160–210 cm.Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16

Kanadatraner har unison grå fjørdrakt som lysnar litt oppover halsen mot hovudet. Også dette er fjørkledd, med unntak av den berre raude huda i panna. Dei ulike underartane varierer meir i storleik enn farge. Dei tre nordlegaste underartane er trekkfuglar, som ofte er meir brune enn grå under trekket. Dette kjem av at fjørdrakta blir farga av sølebad.Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16

Inndeling og utbreiing Inndelinga følgjer HBW Alive og Archibald et al. (2016).Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16 Norske namn følgjer Norsk namnekomité for fugl og Syvertsen et al. (2008).Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-08-10

Antigone A. canadensis, kanadatrane A. c. canadensis, nominatforma er utbreidd arktisk og subarktisk Nord-Amerika og Aust-Sibir. Ho overvintrar sørvest i USA og nord i Mexico A. c. rowani, utbreidd i subarktisk Canada, frå Britisk Columbia og austover til det nordlege Ontario. Overvintrar langs kysten av Texas i Mexicogolfen, det sørvestre USA og det nordlege Mexico A. c. tabida, fem populasjonar hekkar i Nord-Amerika, frå Vancouverøya til Dei store sjøane. Overvintrar i sør, frå California til Georgia, Florida og det nordlege Mexico A. c. pulla, utbreidd i søraustlege Mississippi sør i USA A. c. pratensis, utbreidd i Søraust-Georgia og Florida i USA A. c. nesiotes, utbreidd på Cuba og Pinesøya A. vipio, kvitnakketrane A. antigone, sarustrane A. rubicunda, brolgatrane

Habitat Habitatet består av grunne våtmarksområde og fuktig grasland i breie elvedalar og langs innsjøar. Arten har òg tatt i bruk dyrka mark.Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16

Åtferd Arten hekkar på open våtmark. Dei tre nordlegaste underartane hekkar i mange ulike typar våtmark, medan dei sørlege òg hekkar på savanne, prærie og beiteland med meir.Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kanadatrane» frå , den 27. mai 2023. oppgav desse kjeldene: Archibald, G.W. & Meine, C.D. (2016). Sandhill Crane (Antigone canadensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-08-16 BirdLife International. 2012. Antigone canadensis. The IUCN Red List of Threatened Species 2012: e.T22692078A38431571. Besøkt 2016-08-16 del Hoyo, J., Collar, N.J., Christie, D.A., Elliott, A. and Fishpool, L.D.C. 2014. HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World. Lynx Edicions BirdLife International. Carey Krajewski, Justin T. Sipiorski, and Frank E. Anderson (2010) Complete Mitochondrial Genome Sequences and the Phylogeny of Cranes (Gruiformes: Gruidae). The Auk: April 2010, Vol. 127, No. 2, pp. 440-452. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-08-10

Handbook of the Birds of the World Alive

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tranefuglar Kategori:Fuglar i Canada Kategori:Fuglar på Cuba Kategori:Fuglar i USA