Per Olaf Nicolaisen () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Horten som åra mellom 1987 og 1990 vart firfaldig norsk meister på 110 meter hekk og ein gong på 400 meter hekk. Han var medlem av Moss Idrettslag 1983, Borre Idrettsforening 1984–1986 og IK Tjalve 1987–1993.
Karriere Nicolaisen presterte livsbeste på 400 meter hekk under noregsmeisterskapen 1988 på Byrkjelo. Han sprang då i mål til gullmedalje på tida 51,47. To år seinare gjorde han sitt livs beste løp på Bislett stadion i Oslo. Den 19. september 1990, i motvind, fekk han notert 13,85 sekund på 110 meter hekk. Tida var norsk rekord i øvinga til Gaute M. Gundersen sletta rekorden i 1994.
Medaljar i noregsmeisterskap 1983 i Trondheim: Bronse på 400 m hekk 1984 i Øvre Årdal: Bronse på 400 m hekk 1986 i Sandnes: Sølv på 110 m hekk og 400 m hekk 1987 i Nesbyen: Gull på 110 m hekk 1988 på Byrkjelo: Gull på 110 m hekk og 400 m hekk 1989 i Stjørdal: Gull på 110 m hekk 1990 i Moss: Gull på 110 m hekk, bronse på 400 m hekk 1992 i Mosjøen: Sølv på 110 m hekk NM-sølv i høgde utan tilløp i 1992 og 1993, bronse i tikamp i 1993
Kjelder
Per O. Nicolaisen i friidrett.no
Kategori:Norske friidrettsutøvarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Horten