Den Kongelige Ballet er eit internasjonalt anerkjent klassisk ballettkompani med base i Det Kongelige Teater i København. Det er eit av dei eldste ballettkompania i verda, og stammar frå 1748, då Det Kongelige Teater blei stifta.
Balletten blei endeleg organisert i 1771 som ein reaksjon på den store populariteten som fanst for franske og italienske dansestilar. Det Kongelige Teater har tent som heimstad for balletten sidan han blei skipa. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 av den franske Hofdansemester Pierre Laurent. Skulen blei vidareutvikla av den italienske ballettmeisteren Vincenzo Galeotti og August Bournonville skipa den romantiske Bournonville-tradisjonen til kompaniet.
Historie venstre|mini|Det Kongelige Teaters Balletskole, København. Måleri som viser fiolinisten Busch, ballerinaen Charlotte Weihe (ståande i framgrunnen) og ballettmeister Emil Hansen, sitjande til høgre. (Paul Gustave Fischer, 1889) Frå byrjinga tilsette Den Kongelige Ballet nokre av dei leiande franske og italienske dansarane og koreografane. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 for å levera innfødde dansarar. Eit par år etter at ballettskulen var grunnlagd debuterte Anine Frølich som ein av dei fyrste.
Ein av dei tidlege ballettmeistrane, Vincenzo Galeotti, blir rekna for å vera den eigentlege grunnleggjaren av Den Kongelige Ballet. Han var ballettmeister frå 1775 fram til han døydde i 1816, og innførte ballett d'action og førebudde til den romantiske balletten. Vincenzo Galeotti sin ballett Amors og Ballettmesterens Luner frå 1786 er framleis ein del av repertoaret til ballettkompaniet. Dette er verdas eldste ballett som framleis blir utført med den opphavlege koreografien sin.
Ein annan viktig ballettmeister i ballettkompaniet var den danske dansaren August Bournonville, som er eit sentralt namn i dansk balletthistorie. Ryet til Den Kongelige Ballet internasjonale kjem fyrst og fremst av repertoaret han etterlet seg.
Ballettmeistrar mini|Vincenzo Galeotti mini|August Bournonville i 1841.
1748-1753 Des Larches 1755-1756 Neudin 1756-1763 Antonio Como 1763-1767 Antonio Sacco 1767-1768 Jean Baptiste Martin 1768-1770 Innocente Gambuzzi 1770-1771 Martini 1771-1772 Vincenzo Piatolli 1772-1773 Domenico Andriani 1773-1775 Vincenzo Piatolli 1775-1816 Vincenzo Galeotti 1816-1823 Antoine Bournonville 1823-1830 Pierre Larcher 1836-1862 August Bournonville 1862-1863 Gustave Carey 1863-1877 August Bournonville (igjen) 1877-1890 Ludvig Gade 1890-1894 Emil Hansen 1894-1915 Hans Beck 1915-1928 Gustav Uhlendorff 1928-1930 Kaj Smith 1930-1932 Victor Schiøler 1932-1951 Harald Lander 1951-1956 Niels Bjørn Larsen (konstituert 1951-53) 1956-1958 Frank Schaufuss 1958–1960 Henning Rohde 1961-1965 Niels Bjørn Larsen (igjen) 1966-1978 Flemming Flindt 1978-1985 Henning Kronstam 1985-1994 Frank Andersen 1994-1995 Peter Schaufuss 1995-1997 Johnny Eliasen 1997-1999 Mariana Gielgud 1999-2002 Aage Thordal-Christensen 2002-2008 Frank Andersen (igjen) 2008-no: Nikolaj Hübbe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den Kongelige Ballet» frå , den 10. juni 2023.
Kategori:Skipingar i 1748 Kategori:Dansk kultur Kategori:Ballett Kategori:København