Theatre Royal Haymarket eller Haymarket Theatre (har òg blitt kalla Little Theatre for å skilja det frå Her Majesty's Theatre, som òg har gått under nemninga Haymarket Theatre), er eit teater ved Haymarket i bydelen West End i London.
mini|venstre|Theatre Royal Haymarket kring 1900.
Teateret blei fyrst oppført i 1720. Den noverande bygningen blei innvigd i 1821 og gjekk gjennom ei kraftig ombygging i 1880. Teateret hadde sin fyrste glansperiode på 1700-talet med samfunnskritiske skodespel av Henry Fielding, som The Welsh Opera (1731). På den andre halvdelen av 1800-talet var Theatre Royal det fremste teateret i London.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Theatre Royal Haymarket» frå , den 13. juni 2023. oppgav desse kjeldene: Nationalencyklopedin, multimedia pluss, 2000.
Kategori:West End Kategori:Teater i London Kategori:St James's Kategori:City of Westminster Kategori:Skipingar i 1720 Kategori:John Nash