Jan Torgersen () er ein norsk tidlegare hekkeløpar og sprintar frå Drammen. Han vart noregsmeister på 400 meter hekk i 1974. Torgersen var medlem i IF Hellas.

Torgersen overraska ved å vinne langhekken under NM i friidrett 1974, hans fyrste NM-medalje. I åra fram til 1981 vann han på 400 m hekk og 400 m til saman seks NM-sølv, dessutan tok to NM-bronsar på 400 m hekk.

Torgersen sette i 1974 personleg rekord på 400 meter hekk meit løp på 52,2, sekund. Ein rekord han i 1976 forbetra til 52,1. I 1976-sesongen gjorde han også sitt livs raskaste 400-meterløp på 48,1 sekund.

Medaljar i noregsmeisterskap 1974 i Hønefoss: Gullmedalje på 400 m hekk 1975 i Fana: Bronsemedalje på 400 m hekk 1976 i Askim: Sølvmedalje på 400 m og 400 m hekk 1977 i Lillehammer: Sølvmedalje på 400 m hekk 1978 i Steinkjer: Sølvmedalje på 400 m hekk 1979 i Larvik: Sølvmedalje på 400 m, bronse på 400 m hekk 1981 i Haugesund: Sølvmedalje på 400 m hekk

Kjelder

friidrett.no

Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske sprintarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Noregsmeistrar i friidrett