Even Amandus Røed () er ein norsk lærar og politikar frå Rollag i Buskerud. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Buskerud for Arbeidarpartiet.
Røed er utdanna lektor og har arbeidd i skuleverket i Kongsberg. Frå 2011 til –18 var han medlem i kommunestyret i Rollag, deretter i Kongsberg bystyre frå 2019. Ved stortingsvalet 2021 vart han vald inn på Stortinget som Buskerud Arbeidarparti sin tredjekandidat. På Tinget har han sete i Helse- og omsorgskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Rollag