Kilenebb er ei biologisk slekt Schistes av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde langs Andesfjella frå Venezuela til Bolivia. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».
Namnet Schistes er frå gresk: skhizo, «kløyve, splitte».
Saman med slektene Doryfera og Colibri dannar Schistes ei klår monofyletisk gruppe.
Skildring Kilenebb har ei særeigen form på tuppen av nebbet, som er kileforma mot ein syltynn spiss. Nebbet er elles kort, kvitstrupekilenebb har marginalt lengre nebb enn grønglitterkilenebb. Dette er relativt små kolibriar, ca. 8-9 cm i kroppslengd og har generelt grønleg fjørdrakt. Dei har eit kvitt område på sidene av øvre bryst, over det ein blå til mangenta-fiolett flekk på kvar side av halsen. Hos kvitstrupekilenebb er det kvite området smelta saman over brystet. Hannar har glitande grøn strupeflekk, kvitstrupekilenebb har òg grøn panneflekk. Den avrunda halen er mest bronsefarga. Hoer manglar den grøne strupeflekken.
Begge artar har habitat i tett tåkeskog, 800-2300 moh. langs Andesfjella, grønglitterkilenebb marginalt høgast. I Colombia og Ecuador er artane separerte, grønglitterkilenebb lever mot aust og kvitstrupekilenebb på vestsida av vestleg Andes.
Dette taksonet var tidlegare ein art. I EBird/Clements Checklist kom ein splitt til to artar i revisjonen av august 2018.
mini|venstre|Kvitstrupekilenebb, Schistes albogularis, Caldas-departementet, Colombia
Artslista Kilenebb i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Kvitstrupekilenebb, Schistes albogularis, White-throated daggerbill, Gould, 1852, (LC) begge skråningene av dei vestlige Andesfjellene og vestsiden av de sentrale Andesfjellene i Colombia og vestsiden av Andesfjellene i det vestlige Ecuador.
Grønglitterkilenebb, Schistes geoffroyi, Geoffroy's daggerbill, (Bourcier, 1843), (LC) Austsida av Andes i Colombia nordover til Venezuela og sørover Peru, òg langs austsida av Andes i sentrale Bolivia (Cochabamba).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:kolibrifamilien kategori:fugleslekter