Findhorn (skotsk-gælisk Uisge Fionn Èireann) er ei av dei lengste elvene i Skottland. Ho ligg nordaust i landet, og flyt ut i Moray Firth på nordkysten. Elva har eit av dei største estuara i Skottland som ikkje er eit firth.
venstre|mini|Findhorn nær utspringet i Coignafearn Forest. venstre|mini|Findhorn-bukta frå lufta elva Findhorn i midten og Muckle Burn oppe til høgre. mini|Landsbyen Findhorn
Elva er kring Almanac of Scotland. Henta 9. juni 2018. lang. Nedslagsfeltet er ."River Findhorn". The Findhorn, Nairn and Lossie Fisheries Trust. Henta 9. juni 2018.
Findhorn er ei god lakse- og aureelv, og er populær blant fiskarar frå heile verda. Ho er også ei av dei klassiske raftingelvene i Skottland, med graderingar frå 2 til 4 på den internasjonale skalaen for elvepadling."River Findhorn - Gorge". The UK Rivers Guidebook. UKRGB. Henta 3. juni 2018
Løp Findhorn har utspring i Coignafearn Forest nord for hovudmassivet i Monadhliath-fjella. Fleire mindre elvar renn saman i nærleiken av Dalbeg bothy (hytte) for å danna elva. Den vestlegaste av desse er Eskin, som renn ned ein lliten dal omkrinsa av toppane Càrn a' Choire Sheilich, på , Càrn nan Làraiche Maoile på og Càrn na Saobhaidh på . I sørvest tek Abhainn Cro-chlach ei direkte rute langs ein trong og bratt dal som føre vatn frå Carn Odhar na Criche på og Càrn Bàn på . Dei to vassfara renn saman ved ei lita bru midt i Coignafearn Forest (som er ein skotsk hjorteskog og dermed trelaus). Ein kan rekna dette punktet, rundt moh., som byrjinga på Findhorn, men mindre enn ein kilometer nedstraums renn Allt Creagach inn i elva ved Dalbeg og deretter er elva utan tvil rekna som Findhorn. Dalen Strath Dearn går ned herfrå i ein sørvestleg retning til elva munnar ut i Moray Firth.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «River Findhorn» frå , den 28. juni 2023. Bibliografi
Kategori:Elvar i Skottland Kategori:Geografi i Moray Kategori:Geografi i Highland