Peder Oluf Pedersen () var ein arbeidar og politikar frå Kråkerøy i Østfold. Han representerte Høgre-partiet på Stortinget i tida 1903-12.
Pedersen var son til ein maskinist. Sjølv byrja han arbeide på sagbruket «Bingesagen» då han var kring 12 år gammal. Frå 1874 til 1913 var han tilsett som filar ved Bjørneby bruk, heilt til bruket brende ned.
I Kråkerøy kommune var han 1901–03 medlem av skulestyret. Gjennom stortingsvalet 1903 kom han inn på Stortinget frå Smaalenene. Han vart attvald til nye periodar i 1906 og 1909, då frå einmannskrinsen Glemminge. På Stortinget var han heile tida medlem i Sosialkomitéen. I Kråkerøy heradsstyre var han ei tid varaordførar.
P.O. Pedersens vei i Fredrikstad har namn etter honom.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Fredriksstad Blad 26. november 1954 Fredriksstad Blad 2. september 1995
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Norske arbeidarar Kategori:Folk frå Fredrikstad