mini|Gifteringen frå Colmarskatten. mini|Spenne frå Colmarskatten. Colmarskatten er er ei samling verdigjenstander som blei skjulte av jødar i Det tysk-romerske riket under jødeforfølgingane under svartedauden.

Skatten blei funnen i 1863 i veggen til eit hus i den mellomalderske rue des Juifs i Colmar i Alsace. Ein trut at nokre av gjenstandane blei selde av oppdagarane før det fulle omfanget av skatten kunne registrerast. Dei fleste skattane som er att er tilhøyrer samlingane til Musée de Cluny, med eit par gjenstandar i Unterlinden Museum. Skatten blei stilt ut i Colmar i 1999.Treasures of the plague: Marian Campbell describes a remarkable discovery that throws a tragic light on Jewish life in 14th-century Europe, Sept, 2007, Marian Campbell, Apollo

Skatten omfattar eit av dei få overlevande eksemplara av ein jødisk giftering, pryda med ein liten bygning i staden for ein smykkestein, for å følgja kravet i jødisk lov om at gifteringar skulle lagast som eitt stykke. Bygningen har den hebraiske innskrifta «mazel tov», ‘til lukke’.

Skatten omfatta også sølvmyntar, sølvbestikk og gull- og sølvsmykke, mellom anna forseggjorte beltespenner og femten sølvringar.In Laudem Hierosolymitani: Studies in Crusades and Medieval Culture in Honour of Benjamin Z. Kedar, by Iris Shagrir, Ronnie Ellenblum, Jonathan Simon Christopher Riley-Smith, Jonathan Riley-Smith, B. Z. Ḳedar Contributor Iris Shagrir, Ronnie Ellenblum, Jonathan Riley-Smith, Ashgate Publishing, Ltd., 2007, p. 277 ff.

I 2019 blei skatten stilt ut ved å The Cloisters, ein del av Metropolitan Museum of Art i New York.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Colmar Treasure» frå , den 8. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

The Colmar Treasure: A Medieval Jewish Legacy. Omtale, informasjon og bilde ved metmuseum.org.

Kategori:Gjenstandar frå 1300-talet Kategori:Jødisk kunst Kategori:Arkeologiske funn i Frankrike Kategori:Jødisk mellomalderhistorie Kategori:Historie i Alsace Kategori:Colmar