Tapani Talo () er ein finsk-amerikansk arkitekt, som òg har arbeid som lydteknikar. Han er mest kjend som studioteknikar for Rolling Stones Mobile tidleg og midt i 1970-åra.
Karriere Han vart fødd i Lahti i Finland i 1950 og flytta til Australia saman med foreldra då han berre var eitt år gammal. Familien returnerte til Finland i slutten av 1950-åra. Talo jobba som lydteknikar i Dipoli kongressenter i Otnäs i Esbo frå 1967 til 1972. Samtidig arbeidde han som frilansfotograf for ulike magasin og var òg DJ.
I desember 1972 drog han til Abbey Road Studios i London og enda opp med å jobba for George Martin sitt Associated Independent Recording-studio. I februar 1973 jobba han som teknikar på Black Sabbath sine konsertar i Europa, og frå desse opptaka laga dei livealbumet Live at Last. I mars same år var han i Frankrike for å spela inn eit album for bandet kalla Tucky Buzzard. Produsenten deira var Bill Wyman, som deretter hyra Talo til å jobba for Rolling Stones sitt mobilstudio. Der jobba han fram til 1977.
I 1974 byrja Talo arkitektstudia i London og heldt fram dei i Indiana etter at han flytta til USA i 1977. Sidan 2002 har han drive sitt eige studio, NY Super Studio Architects i New York.
Innspelingar Black Sabbath: Live at Last (1973/1980) Traffic: On the Road (1973) The Rolling Stones: Brussels Affair (1973/2011) The Rolling Stones: It's Only Rock 'n Roll (1974) Deep Purple: Burn (1974) The Who: Greatest Hits Live (1974/2010) The Rolling Stones: Black and Blue (1976) Deep Purple: Made in Europe (1976) Led Zeppelin: Led Zeppelin DVD (1975/2003) Bad Company: Run with the Pack (1976) The Rolling Stones: Love You Live (1977) Rainbow: Live in Germany 1976 (1976/1990) Status Quo: Live! (1977)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tapani Tapanainen» frå , den 12. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Finsk-amerikanarar Kategori:Folk frå Lahti Kategori:Finske arkitektar Kategori:Finske lydteknikarar