Weil am Rhein er ein by og ein kommune lengst sørvest i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen omfattar 19,5 km² og har eit folketal på vel 30 000. Byen ligg på austbreidda av Rhinen.

Sørvest i kommunen møtest trelandsgrensa mellom statane Tyskland, Frankrike og Sveits. Sjølve grensepunktet er ute i Rhinen. Kommunen grensar såleis mot Frankrike i vest og Sveits i sør.

Weil er i mange måtar ein forstad til den sveitsiske storbyen Basel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Weil am Rhein» frå , den 18. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Baden-Württemberg