IJmuiden (nederlandsk uttale ) er ein by i provinsen Noord-Holland i Nederland, og er administrasjonsstad for kommunen Velsen. Byen har 30 466 innbyggarar (2005). Han ligg rundt 10 km nord-nordvest for Haarlem, og rundt 20 kilometer frå Amsterdam. IJmuiden ved munningen til Noordzeekanalen, som renn ut i Nordsjøen her gjennom store sluser. Det meste av folkesetnaden bur sør for kanalen, på nordsida ligg eit stålverk og busetnaden Velsen-Noord. Namnet «IJmuiden» tyder bokstaveleg ‘munningen av IJ’, og blei teke i bruk på 1800-talet då denne delen av Noordzeekanalen blei fullført.

IJmuiden har fleire hamner, mellom anna ei fraktehamn, ei fiskehamn og ei fritidsbåthamn. Djupvasshamna har plass til fullasta Panamax-skip. I byen finst òg eit stålverk.

DFDS Seaways har ei rute mellom Amsterdam og Newcastle (Port of Tyne) via IJmuiden.

The North Sea Race, ei årleg yacht-tevling på 210 nautiske mil (390 km), byrjar Scarborough i England og endar i IJmuiden.

Kjente personar frå byen

Cornelis Vreeswijk

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «IJmuiden» frå og «IJmuiden» frå den 24. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar ved Nordsjøen Kategori:Hamnebyar i Nederland Kategori:Byar i Noord-Holland Kategori:4°E Kategori:52°N