Måren er ei veglaus grend i Høyanger kommune i Ytre Sogn. I 2023 er det ingen fastbuande i bygda. M/S Tansøy går i rute til Måren ferjekai frå både Ortnevik og Nordeide. Det er eit tjuetals hytter i grenda som blir nytta som fritidsbustader om sommaren.

Historie Måren var ein sentral plass i den tida fjorden var den viktigaste ferdselsåra, og difor busette fleire folk seg der. Før industribygginga i Høyanger i 1916 budde det fleire folk i Måren enn det som den gongen heitte Høyangsfjorden som no er kommunesenteret.

I 1808 oppførte den bergenske presen Michael S Tuchsen det praktfulle hovudhuset på kapteinsgarden i Måren.

I 1969 budde det 40 menneske i Måren. Idag er det ingen fastbuande igjen i grenda. Det var skulehus med elevar i Måren fram til 1977.

Attraksjonar Måredalen - Jakt og friluftsområde Kapteinsgarden - over 100 år gammalt hovudhus med hage Måren Kraftverk oppført i 2010.

Kjelder

Kategori:Busetnader i Høyanger