mini|Ei skål borsj med smetana. Smetana er eit mjølkeprodukt frå Sentral- og Aust-Europa som blir framstilt av uhomogenisert syrna fløyte. Det har blitt hevda at smetana er eit produkt av russisk opphav. Smetana minner om crème fraîche (28 % feitt), men sidan det ikkje har blitt homogenisert, skil det seg ikkje når det blir kokt eller brukt i varme rettar. Dei mest anvende smetana-variantane har 15–30 % feittinnhald, og er meir syrlege enn crème fraîche.
Produktet Feittinnhaldet i smetana varierar frå 10 til 70 %. Dei mest alminnelege smetana-variantane som er til sals i supermarknadane har 10–40 % feittinnhald. Tilsetjing av fortjukkingsmiddel som gelatin er ikkje forboden, men er ikkje rekna som autentisk. Smetana-produkt tilsett gelatin og liknande blir sett av forbrukarar flest for å vere av lågare kvalitet og ueigna til matlaging, ettersom nokre rettar vil bli mislykka dersom ein nyttar smetana tilsett fortjukkingsmiddel.
Bruksområde mini|Blini med smetana og raud kaviar. Generelt I mange austeuropeiske kjøken blir smetana brukt i forrettar, hovudrettar, supper og desserter. Til dømes kan det vere blanda i supper, grønsaks- og kjøtrettar, servert med pelmeni eller pirogar, eller bli brukt som fyll i krydra pannekaker. Produktet kan også blandast med hytteost, lauk, paprika og anna krydder til ein pikant smøreost som blir eten på brød. Ettersom smetana i motsetnad til crème fraîche ikkje skil seg ved høge temperaturar, blir det blant anna nytta til kjøt- eller grønsaksgryterettar og andre rettar som krev ei lang tillagingstid i omnen.
Ungarn Ungarske kokkar bruker smetana (ungarsk tejföl eller tejfel) i sausar som paprikas og i oppskrifter som skinke-fylte pannekaker (palacsinta). I dei seinaste tiåra har mange forbrukarar i stadig større grad spurt etter meieriprodukt med lågare feittinnhald. Difor har smaken og konsistensen til mange meieriprodukt blitt endra. Nokre ungarske kokebøker anbefaler no å erstatte smetana med crème fraîche blanda med fløyte (38–40 % melkefett).
Finland Smetana er mykje utbreidd i det finske kjøken, hovudsakleg i Karelen og Ingermanland.
Russland og Ukraina I ukrainsk og russisk kjøken bruker ein ofte smetana som tilsetjing (garnityr) i borsj og andre supper, også som ingrediens i vareniki og pelmeni.
Tyskland Schmand er typisk for nokre lokale tyske kjøken, særleg i Hessen og Thüringen. I tillegg til at ein bruker det i krydra rettar, blir det også brukt i kaker som Schmandkuchen og dessertar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Smetana» frå , den 28. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mjølkeprodukt Kategori:Finsk mat Kategori:Russisk mat Kategori:Tysk mat Kategori:Ungarsk mat Kategori:Ukrainsk mat