Reidar Aarskog () er ein norsk tidlegare stavhoppar frå Uggdal i Tysnes kommune. Han sette norsk rekord i øvinga i 1973. Gjennom ti sesongar på topplan sanka Aarskog 6 sølvmedaljar og 2 bronsemedaljar i stavhopp under dei norske meisterskapane 1971 til 1980. Han var medlem i Fana Idrettslag frå 1970 og IL i BUL frå 1976.
I fyrste halvdelen av 1970-åra utfordra Aarskog Wilhelm Sorteberg om å vere landets bestemann i stavhopp, etterkvart møtte han ein like sterk motstandar i Bertil Reppen. Aarskog forbetra seg frå 4,30 meter i 1971 til 4,50 m i 1972. 24. juni 1973 sletta han den ni år gamle noregsrekorden til Kjell Hovik på 4,70 meter. Aarskog svinga seg då over 4,81 m i Beitstad. Nøyaktig ein månad seinare byrja Wilhelm Sorteberg si 16 år lange periode som norsk rekordhaldar i stavhopp.
Aarskog la opp i 1980, etter ein sesong der 4,50 m var hans beste prestasjon.
Medaljar i noregsmeisterskap 1971 på Hamar: Sølvmedalje 1973 i Trondheim: Sølvmedalje 1974 i Hønefoss: Bronsemedalje 1975 i Fana: Sølvmedalje 1976 i Askim: Sølvmedalje 1977 i Lillehammer: Sølvmedalje 1979 i Larvik: Sølvmedalje 1980 i Bodø: Bronsemedalje
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Folk frå Tysnes