mini|Balletten Svanesjøen framført av Det serbiske nasjonalteateret i 2008. Utøvande kunst eller scenekunst er kunstformer der musikk, dans, drama og liknande blir framført for publikum. Dei er skilde frå biletkunst, som er bruken av ulike materiale til å laga fysiske eller statiske kunstgjenstandar. Utøvande kunst omfattar ei rekkje disiplinar som kan framførast for eit publikum eller for opptak, som teater og ulike typar musikk og dans.

Ein kan finna døme på teater, musikk, dans, manipulasjon av gjenstandar og andre former for framføring i alle menneskelege kulturar. Musikk og dans går tilbake til førhistorisk tid, medan sirkusevner minst går tilbake til det gamle Egypt. Mange utøvande kunstformer blir utførte profesjonelt. Dei kan gå føre seg i særskilt bygde bygningar, som kulturhus, teaterbygningar og operahus, i friluft på gater, torg og festivalar, og i telt som sirkus.

Framføringar av utøvande kunst er ein type underhaldning. Medan det opphavleg berre kunne gjerast for eit publikum som var til stades ved utføringa, har utviklinga av lyd- og videoopptak det mogleg å også nyta kunsten på avstand og i ettertid.

Utøvarar mini|Indisk gotipuadans blir utført av mannlege grupper med utøvarar i kvinneklede. Artistar som framfører utøvande kunst for publikum blir kalla utøvarar. Nokre døme på desse er skodespelarar, komikarar, dansarar, tryllekunstnarar, sirkusutøvarar, musikarar og songarar. Utøvande kunst blir òg støtta av arbeid innan tilknytte område, som komposisjon, koreografi og sceneteknikk. Ofte endrar utøvande kunstnarar utsjånaden sin, til dømes med kostyme, sminke, scenelys og andre effektar.

Typar mini|Estudio sobre el colapso, performance av Rolando López i samarbeid med Carlos López og Lessly Arenas, i Mexico i 2022. Nokre former for utøvande kunst er dans, musikk, opera, teater og musikalsk teater, magi, illusjon, miming, spoken word, marionettkunst, sirkuskunst, stand-up, improvisasjon og wrestling.

Det finst òg ei særleg kunstform kalla performance der kunstnarar eller hjelparar framfører kunstverk live for publikum.

Teater Teater er den greina av scenerkunst som handlar om å framføra historier framfor publikum, der ein kan bruka ei blanding av tale, gestar, musikk, dans, lyd og effektar. Teater kan ta former som skodespel, musikal, opera, ballett, kabuki, klassisk indisk dans, mummers' plays, improvisasjonsteater, komedie, pantomime, og ukonvensjonelle eller moderne former som postmoderne teater, postdramatisk teater eller performancekunst.

Dans Innan utøvande kunst viser dans generelt til menneskeleg rørsle, typisk rytmisk og til musikk, brukt som ein form for publikumsunderhaldning i ei form for framsyning. Definisjon av kva dans er, er avhengig av sosiale, kulturelle, estetiske, kunstnariske og moralske avgrensingar og varierer frå funksjonelle rørlser (som folkedans) til kodifiserte, virtuose teknikkar som ballett.

Koreografi er kunsten å utforma dans og danseførestillingar, og einkvan som driv med dette blir kalla koreograf.

Musikk Musikk er ei kunstform som kombinerer tone, rytme og dynamikk for å skapa lyd. Ein kan framføra han med ulike instrument og i ulike stilar, og ein kan dela inn musikk i sjangrar som folkemusikk, klassisk, jazz, hiphop, pop, rock osb. Som kunstform kan musikk framstå i live form (gjerne som konsert) eller i opptak, og kan vera planlagd og øvd på eller improvisert.

Historie mini|Greske teatermasker. Vesten Frå 600-talet f.Kr. byrja den klassiske perioden med scenekunst i Hellas, innleidd av tragiske diktarar som Sofokles. Desse diktarane skreiv drama som i nokre tilfelle også omfatta dans (sjå Evripides). I den hellenistiske perioden blei komediar utbreidde.

Mellom 800-talet og 1300-talet var myje utøvande kunst religiøs i natur, med historiske og moralske spel som kyrkja organiserte for å feira festdagar og andre viktige hendingar.

Renessansen På 1500-talet fekk mange former for kunst, medrekna utøvande kunst, ei fornying etter at renessansen byrja i Italia og etterkvart spreidde seg over Europa. Nokre av desse innlemma dans, og Domenico da Piacenza skal fyrst ha brukt ordet ballo (i De Arte Saltandi et Choreas Ducendi) i staden for dansa for sine balletti eller balli. Termen blei til slutt til ballett. Den fyrste sjølvstendige balletten er Ballet Comique de la Reine av Balthasar de Beaujoyeulx frå 1581.

På midten av 1600-talet commedia dell'arte blitt populært i Europa. Denne teatertradisjonen nytta mellom anna improvisasjon. I England under Elisabet I blei det også innført maskespel eller masque med musikk, dans, forseggjorte kostyme og profesjonelle teaterkompani. Stykka til William Shakespeare frå slutten av 1500-talet utvikla seg frå denne nye typen profesjonelle framføringar.

I 1597 blei den fyrste operaen, Dafne, framført, og gjennom heile 1600-talet blei opera raskt til den fremste underhaldningsforma for aristokratiet i mesteparten av Europa. Deretter spreidde det seg som underhaldning for bybuar av ulike stender.

Innføringa av proscenium som del av teaterscena i Italia på 1600-talet danna grunnlaget for utforminga av teateret som det framleis blir presentert. På omtrent la puritanarane ned forbod mot å opptre i England, og dette førte til at skodespelarkunsten fekk eit avbrot der i 1660. Etter denne tida byrja kvinner å opptre i både franske og engelske drama, der menn og gutar tidlegare hadde hatt kvinneroller. Franskmennene introduserte ein formell danseundervisning på slutten av 1700-talet.

På 1700-talet førte opera buffa til at operasjangeren blei allment populære. Figaros bryllup og Don Giovanni av Mozart er landemerke for opera frå slutten av hundreåret.

Ved inngangen til 1800-taleet innleidde Beethoven og den romantiske rørsla ein ny æra som fyrst førte til grand opéra og deretter til musikalske drama av Giuseppe Verdi og Gesamtkunstwerk (totale kunstverk) i operaer av Richard Wagner. venstre|mini|Vatslav Nizjinskij dansar faunen i L'après-midi d'un faune (1912) Moderne dans blei utvikla seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet som svar på restriksjonane innan tradisjonell ballett. Sergej Djagilev sitt dansekompani Ballets Russes (1909-1929) revolusjonerte ballet og skodespelarkunst generelt i heile Vesten, hovudsakleg gjennom Djagilev si vektlegging på samarbeid, som førte til at koreografar, dansarar, scenedesignerar, komponistar og musikarar kom saman for å revitalisera og revolusjonera ballett.

«Systemet» til Konstantin Stanislavskij revolusjonerte skodespelet i byrjinga av 1900-talet, og har framleis stor innverknad på skodespelarar for scene og film. Både impresjonisme og moderne realisme blei introdusert på scenen i denne perioden.

Med oppfinninga av film på slutten av 1800-talet og framveksten av filmindustrien i Hollywood på byrjinga av 1900-talet, blei film eit dominerande framføringsmedium gjennom heile 1900-talet.

På 1930-talet introduserte Jean Rosenthal det som skulle bli moderne scenelyssetting, og endra naturen til sceneverk medan Broadway-musikalen blei eit fenomen i USA.

Afrikansk utøvande kunst Mange innfødde afrikanske framføringstradisjonar har rot i rituale, forteljing, rørsler og musikk. Framføringar gjekk føre seg i fellesskap med forteljarane og publikum som deltakarar i utrop og svar, ein teknikk karakterisert av at ein vokalist kjem med ein frase som deretter blir gjenteken eller svara på med ein ny frase frå dei andre utøvarane og/eller publikum. Denne tradisjonen har gamle røter i mange afrikanske kulturar.

Nord-Afrika Den eldste dokumenterte teaterhendinga går tilbake til 2000 f.Kr. med dei seremonielle spela i det gamle Egypt. Historia om guden Osiris blei framført årleg på festivalar i heile landet, og markerere det kjende opphavet til eit langt samband mellom teater og religion. Ramesseum-papyrusen, den eldste overlevande illustrerte papyrusen, fortel om framføringa under sedhøgtida og er blitt brukt som bevis på at teatertradisjonen eksisterte før han blei utvikla i det gamle Hellas.

Vest-Afrika Ein griot er ein vestafrikansk munnleg historieforteljar som nyttar forteljing, poesi og musikk til å formidla ættesoge og historiske forteljingar om stammene dei representerer. Ofte spelar dei instrument som kora.

Austlege tradisjonar

Vest-Asia Dei mest utbreidde formene for teater i den muslimske verda i mellomalderen var dokketeater (som inkluderte handdokker, skuggespel og marionettar) og pasjonsspel kjende som ta'ziya, der deltakarane synte fram episodar frå muslimsk historie. Særleg synte muslimske skodespelar fram soga om shaheed, eller martyrdommen til Ali sine søner Hasan ibn Ali og Husayn ibn Ali. Sekulære skodespel var kjende som akhraja, og er dokumenterte i adab-litteratur, men var mindre vanlege enn dei andre typane. mini|Valiollah Torabi, iransk naqqāl (forteljar) av Shahnameh.

Iran I Iran finst det ulike underhaldningstradisjonar som naghali eller naqqāli (historieforteljing), ta'zieh, ru-howzi, siah-bazi, parde-khani og mareke giri. Før 1900-talet var forteljing den mest anerkjende forma for underhaldning. Ei form, naghali, blei tradisjonelt utført i kaféar der forteljarane berre framførte delar av ei soge i kvar omgang, slik at klientellet stadig kom tilbake for å høyra meir. Desse sogene bygde på hendingar av historisk eller religiøs betydning, og mange viste til dikt frå den iranske kongeboka, eller Shahnameh. Ofte blei sogene endra på for å passa til stemninga eller humøret til publikum.

India venstre|mini|Bharatanatyam er ein indisk klassisk dans som oppstod i Tamil Nadu Natyashastra er ei gammal avhandling om indisk scenekunst, inkludert teater, dans, og musikk, datert til kring 200 f.Kr. til 200 e.Kr. Natyashastra verker å vera det fyrste forsøket på å utvikle teknikken, eller meir kunsten, i drama på ein systematisk måte. Avhandlinga fortel ikkje berre kva som skal portrettast i eit drama, men korleis det skal gjerast. Drama blir omtalt som ei etterlikning av menneske og gjerningane deira (loka-vritti).

Ramayana og Mahabharata kan reknast som dei fyrste kjende skodespela som oppstod i India. Desse eposa gav inspirasjon til dei fyrste indiske dramatikarane og har halde fram med å gjera det. Indiske dramatikar som Bhāsa på 100-talet f.Kr. skreiv drama som var sterkt inspirerte av Ramayana og Mahabharata.

Kalidāsa frå 1. hundreåret f.Kr. er gjerne rekna som den største dramatikken frå India. Tre kjende romantiske spel skrivne av han er Mālavikāgnimitram, Vikramōrvaśīyam og Abhijñānaśākuntala. Sistnemnde var inspirert av ei historie i Mahabharata, og er det best kjende, og er blitt omsett til fleire europeiske språk. Samanlikna med Bhāsa, som bygde mykje på eposa, kan Kālidāsa reknast som ein original dramatikar.

Den neste store indiske dramatikken var Bhavabhuti (kring 600-talet). Han skal at ha skrive dei følgjande tre verka: Malati-Madhava, Mahaviracharita og Uttar Ramacharita. Dei to siste dekker heile Ramayana-eposet. Den mektige indiske keisaren Harsha (606-648) er rekna for å ha skrive tre drama: Komedien Ratnavali, Priyadarsika og det buddhistiske dramaet Nagananda.

Det finst mange former for utøvande kunst frå Sør-India. I Kerala finn ein til dømes koodiyattam, nangyarkoothu, kathakali, chakyar koothu og thirayattam.

Kina mini|Handskuggedrama i Kina Det finst referansar til teaterunderhaldning i Kina så tidleg som 1500 f.Kr. under Shang-dynastiet; dei involverte ofte musikk, klovning og akrobatiske framsyningar.

Tang-dynastiet er blitt kalla «tida med 1000 underhaldningar». I denne perioden danna keisar Xuanzong ein dramaskule, kjend som Pærehagen, for å laga drama som hovudsakleg bygde på musikk.

Under Han-dynastiet oppstod skuggeteater som ei kjend form for teater i Kina.