Patrick Chamoiseau () er ein fransk forfattar på Martinique som er kjend for arbeidet sitt for den litterære rørsla Créolité. Han mottok Goncourtprisen 1992 for romanen Texaco.

Liv og virke Chamoiseau blei fødd i Fort-de-France på Martinique. Etter å ha studert juss i Paris vende han tilbake til heimstaden, inspirert av Édouard Glissant til å interessera seg for den kreolske kulturen. Chamoiseau har skrive eit historisk verk om Antillane under Napoleon I si regjeringstid og fleire faktabøker, mellom anna Eloge de la créolité, som han skreiv saman med Jean Bernabé og Raphaël Confiant. Chamoiseau blei løna med den kreolske Carbetprisen (1990) for Chemins d'enfance.Patrick Chamoiseau , Prix Carbet, läst 13 mars 2010. Romanen Texaco vann Goncourtprisen i 1992, og blei vald ut av New York Time som Notable Book of the Year.

Chamoiseau kan òg reknast som ein av dei meste nyskapande forfattarane på den franske litterære scenen sidan Louis-Ferdinand Céline. Den frie bruken hans av det franske språket – ei særs komplisert og flytande blanding av konstant innovasjon og «kreolisme» – driv intensive og sanselege skildringar av menneske på Martinique spesielt og av menneskja generelt.

Bibliografi

Romanar

Chronique des sept misères (1986) Solibo magnifique (1988) Antan d’enfance (1990) Texaco (1992) Chemin d’école (1994) L'esclave vieil homme et le molosse (1997) Biblique des derniers gestes (2002) À bout d’enfance (2005) Un dimanche au cachot (2007) Les neuf consciences du malfini (2009)

Antan d’enfance, Chemin d’école og À Bout d’enfance utgjer den sjølvbiografiske trilogien Une enfance Créole.

Drama

Manman Dio contre la fée Carabosse (1982)

Filmar

L'exil du roi Behanzin (1994) Le passage du milieu (2000) Biguine (2004) Nord plage (2004) Aliker (2007)

Teikneseriar

Monsieur Coutcha, under namnet Abel, saman med Tony Delsham (ein av dei fyrste karibiske serieteiknarane, gjeven ut i 1970). Encyclomerveille d'un tueur 1. L'orphelin de Cocoyer Grands-Bois (2009)

Barnelitteratur

Emerveilles (1998)

Essay

Éloge de la créolité (med Jean Bernabé og Raphaël Confiant) (1989) Lettres créoles. Tracées antillaises et continentales de la littérature (med Raphaël Confiant) (1991) Martinique (med V. Renaudeau) (1994) Guyane: Traces-Mémoires du bagne (1994) Ecrire en pays dominé (1997) Elmire des sept bonheurs: confidences d'un vieux travailleur de la distillerie Saint-Etienne (1998)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Patrick Chamoiseau» frå , den 2. august 2023.

Kategori:Franskspråklege forfattarar Kategori:Franske sakprosaforfattarar Kategori:Franske forfattarar Kategori:Folk frå Martinique