Bertil Ebbe Gustaf Albertsson () var ein svensk langdistanseløpar frå Uppsala som vann bronsemedaljen på 10 000 meter under Sommar-OL 1948 i London.
Aktiv Albertsson vart svensk meister på 5 000 meter i 1947, 1949 og 1951-53. Sommaren 1948 vart han femtemann på 5 000 m, før han sikra seg bronsemedaljen i milløpet under dei olympiske leikane i London. Han sprang i mål på tida 30.53,6, langt bak Emil Zátopek fra Tsjekkoslovakia som sette olympisk rekord på 29.59,6 og sølvinnar Alain Mimoun. I 1948 vann Albertsson også sitt fyrste SM-gull på mila, på tampen av OL-sesongen sette han svensk rekord med 30.17,4. Også i 1950 og 1954 vart han svensk milmeister. I 1951 gjorde han sitt livs beste løp då han forbetra den svenske milrekorden til 29.46,0. I 1952 sprang han personbeste 14.15,0 på 5 000 m. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki vart han nummer 9 på 5 000 m og 12 på 10 000 m.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bertil Albertsson» frå , den 8. august 2023. Denne artikkelen bygger på «Bertil Albertsson» frå , den 8. august 2023.
World Athletics
Kategori:Svenske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Folk frå Uppsala