Kenth Eldebrink () er ein svensk tidlegare spjutkastar frå Morjärv som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

Eldebrik vart sjettemann i spjutkast-tevlinga då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart avvikla i Helsinki i august 1983. Få veker seinare sette han svensk rekord då han kasta spjutet 91,14 meter i Stockholm. Under dei olympiske sommarleikane 1984 sikra han seg bronsemedaljen med eit kast på 83,72 m.

Hans yngre bror Anders Eldebrink vart i 1987 verdsmeister i ishockey med Sverige sitt landslag.

Kjelder

Kenth ELDEBRINK Profile World Athletics Denne artikkelen bygger på «Kenth Eldebrink» frå , den 9. august 2023.

Kategori:Svenske spydkastarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983