Carlos Alberto de Sousa Lopes () er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Viseu som i 1984 vart Portugals fyrste olympiske meister.
Aktiv Lopes deltok i EM i friidrett 1971 og Sommar-OL 1972. Han vart nummer 33 på 10 000 meter og sidan utslått ut i forsøka på 3 000 meter hinder i Helsinki og på så vel 5 000 som 10 000 meter i München året etter. I februar 1976 vart Lopes verdsmeister i terrengløp. 29. mai 1976 i München forbetra han sin personlege rekord på 10 000 m med 45 sekund til 27.45,7. To månader seinare sette han fart frå start i milløpet under Sommar-OL i Montreal. Til sist var det berre tittelforsvararen, finske Lasse Virén, som heldt fylgje. 450 meter før målstreken rykte Virén forbi og sikra seg ein suveren siger, spurtsvake Lopes tok sølvet,
I 1982-sesongen forbetra Lopes milrekorden sin til 27.24,3, einast 2 sekund etter verdsrekorden. Året etter vart han slått på målstreken i terrengløps-VM i Gateshead og kom på sølvplass. I sommarsesongen flytta han sitt personbeste på 10 000 meter med eit lite sekund til 27.23,4.
I New York i mars 1984 vart Lopes verdsmeister i terrengløp for andre gong. Den 4. juli gjorde han sitt livs beste milløp då han i Stockholm vart klokka i mål på 27.17,4. Ved dei olympiske sommarleikane i Los Angeles nokre veker seinare valde han å delta i maratonløpet. 34,5 kilometer ut i løpet rykte han frå dei næraste konkurrentane og opparbeidde ei klar leiing dei neste 5 kilometerane, eit forsprang som han beheldt til mål. Våren 1985 i Lisboa sikra Lopes seg sin tredje VM-tittel i terrengløp. Og den 20. april forbetra han løyperekorden i Rotterdam maraton til 2.07.12.
Kjelder
Carlos LOPES | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Carlos Lopes» frå , den 11. august 2023.
Kategori:Portugisiske langdistanseløparar Kategori:Portugisiske maratonløparar Kategori:Olympiske meistrar for Portugal Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Portugal Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Folk frå Viseu