Klinkholmen er ei øy i Tysnes kommune i Vestland. Vegen frå Tysnesøya til Reksteren går over holmen. Han er utan fast busetjing.

Klinkolmen vart først busett i 1814, då det vart oppretta ein husmannsplass. På 1860-talet vart det oppretta ein landhandel på holmen. Bakgrunnen var at tysnesingen Rasmus Waage kjøpte Klinkholmen i 1859, som den gong låg under Kubbevik, som allereie på 1600-talet vart etablert som kremmarsete for den blømande skottehandelen.

Handelsverksemda på klinkholmen vart utvida med bakeri, jaktefart, silde- og fiskeoppkjøp og salting. På 1870-talet vart han stoppestad for dampskip. I 1887 reiste Rasmus Waage til Brandasund i Bømlo, og bygde ut handelsstaden der. Ved folketeljinga i 1900 budde det ni personar på Klinkholmen.Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet Landhandelen vart nedlagt i 1957 og holmen vart fråflytta.

Kjelder

Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 1 (Tysnes sogelag, 1986)

Kategori:Øyar i Tysnes